Atlantic Sapphire Miami Florida foto Atlantic Sapphire 11
AUKAR IKKJE NOK: Atlantic Sapphire sitt anlegg ved Miami i USA aukar produksjonen, slaktevekta, kvaliteten og prisen, men ikkje nok til å hindre at selskapet treng påfyll i kassa. Foto: Atlantic Sapphire
Nytt

Børsdagen: Atlantic Sapphire treng påfyll igjen

Diskuterer finansieringsalternativ med eigarane.

06.02.2026

Produksjonen, slaktevekta, kvaliteten og prisen på laksen frå Atlantic Sapphire sitt landbaserte oppdrettsanlegg ved Miami i USA auka frå 2024 til 2025, skriv selskapet til ei børsmelding.

Men det auka ikkje nok til å hindre at selskapet treng påfyll av 15-25 millionar dollar (144-244 millionar kroner) for å halde det gåande fram til produksjonen og lønsemda er stor nok, ifølgje den same meldinga.

«Styret og leiinga er i dialog med dei største aksjonærane i selskapet om mogelege finansieringsalternativ. Selskapet held fram med å ha fokus på vidare driftsforbetringar, disiplinert kontantstyring og gjennomføring av fase 1‑planen.», heiter det i børsmeldinga.

Atlantic Sapphire har hovudkontoradresse på Vikebukt i Vestnes kommune, men har all sin aktivitet i USA. Selskapet er langt etter sine opphavleg planar, og arbeider framleis med å få opp produksjonen i første byggesteg.

Ei rekkje kapitalutvidingar har mellom anna gjort at grunnleggarane Johan Andreassen og Bjørn-Vegard Løvik blei heilt utvatna.

For fem år sidan var kursen over 40.000 kroner aksjen. Før børsen opnar i dag er kursen 6,40 kroner aksjen. Den kursen verdset selskapet til 229 millionar kroner.. Så seint som 21. august i fjor var den 11,49 kroner aksjen, men har sidan falle.

Børstabell for Nordvestlandet:

SelskapKurs i kroner%-endring i dag
Arctic Biosciencekr                   3,45 0,00 %
Atlantic Sapphirekr                   5,01 -21,72 %
Endúrkr              101,80 2,31 %
Golden Energy Offshore Serviceskr                   8,40 0,96 %
Hav Groupkr                   9,84 -0,40 %
Havila Kystrutenkr                53,80 -0,74 %
Havila Shippingkr                   1,02 -0,98 %
Hexagon Compositeskr                   8,02 1,13 %
Hexagon Puruskr                   1,46 -1,22 %
Hofseth Biocarekr                   1,42 -1,05 %
Tinde Sparebankkr              122,00 0,00 %
Salmon Evolutionkr                   4,88 0,83 %
Sparebanken Mørekr              115,00 3,81 %
   

Publisert: 06.02.2026 08:14

Sist oppdatert: 06.02.2026 20:42

Mer om