Sparebanken Møre
NED OG OPP OG NED IGJEN: Etter ein langvarig nedtur for eigenkapitalbevis-kursen snudde det opp igjen for Sparebanken Møre, før det kom eit nytt fall. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Bank som farevarsel

Kursen på eigenkapitalbevisa i Sparebank 1 og Sparebanken Møre fortel ei lik historie i år.

15.12.2022

Frå toppen tidleg i januar i år, fall kursen på eigenkapitalbevisa i Sparebanken Møre og Sparebank1 SMN med nesten 30 prosent. Kursen nådde årets lågaste nivå seint i september (Sparebanken Møre) og tidleg i november (Sparebank1 SMN).

Deretter fekk begge ein opptur, før det på nytt snudde nedover for Sparebanken Møre (ned 5,8 prosent sidan 17. november) og deretter flata ut for Sparebank 1 SMN.

Kursutvikling på aksjar og eigenkapitalbevis speglar investorane sine forventningar fram i tid. Med det utgangspunktet er den siste kursutviklinga for bankane ikkje så bra. At kursen snudde oppover att tidlegare i haust kunne tyde på at investorane såg lysare tider litt lenger framme - og at det også skulle kome bankane til gode.

No kan det sjå ut som om mengda med dårleg nytt og stigande pessimisme, stoppa kursveksten. Stigande kostnadar og færre i jobb er ikkje bra for bankane heller.

Hovudindeksen på Oslo Børs fall 0,63 prosent torsdag. Blant selskapa på Nordvestlandet er Norva 24 dagens børsvinnar, medan Atlantic Sapphire fall mest.

Børstabell for Nordvestlandet:

Børsdagen

Selskap

Kurs i kroner

%-Endring i dag

Norva 24*

34,30

5,60 %

Hofseth Biocare

2,48

4,64 %

Golden Energy Offshore Services

1,445

3,96 %

Eqva (tidlegare Havyard Group)

3,085

2,83 %

Nortel

20,6

1,98 %

Arctic Bioscience

13,0

0,78 %

Statt Torsk

1,76

0,57 %

Hav Group

9,35

-0,21 %

Havila Kystruten

19,4

-0,26 %

Sparebanken Møre

74,5

-0,67 %

Endúr

34,735

-0,91 %

Salmon Evolution

8,67

-1,37 %

Havila Shipping

11,26

-1,40 %

Hexagon Composites

31,66

-2,52 %

Hexagon Purus

25,6

-5,19 %

Atlantic Sapphire

7,8

-8,24 %

*Svenske kroner

Publisert: 15.12.2022 16:49

Sist oppdatert: 15.12.2022 17:59

Mer om