Montasje børs hofseth fagervoll flakk
TO I PLUSS: Roger Hofseth (t.v.) sitt bioteknologiselskap og Per Ivar Fagervoll (midten) sitt offshorereiarlag var einaste av selskapa frå nordvest som fekk grøne tal. Knut Flakk måtte sjå verdien på investeringane falle. Foto: Ogne Øyehaug/Oslo børs/
Nytt

Børsdagen: Berre to i pluss på blytung dag

Sjekk korleis selskapa frå Nordvestlandet klarte seg på den verste børsdagen sidan i fjor haust.

24.03.2023

Fredag vart ein blytung dag på Oslo børs. Hovudindeksen fall midt på dagen og var ved 13-tida ned 3,08 prosent.

Fasiten då handelen slutta var eit fall i hovudindeksen på 2,93 prosent til 1.141,95.

To i pluss frå nordvest
Solstad Offshore var høgst oppe på taparlista. Equinor var det mest omsette selskapet for dagen og fall med 3,07 prosent.

Berre Hofseth Biocare og Golden Energy Offshore enda med grøne tal av selskap frå Nordvestlandet.

Sjå børstabell for Nordvestlandet under

Også den norske krona svekker seg kraftig. Fredag ettermiddag kosta ein dollar 10,50 kroner.

Ved børsslutt vart eit fat nordsjøolje omsett for i overkant av 73,7 dollar, ned 2,28 prosent i løpet av dagen.

Bankuro årsaka
Det er bankuroa som er hovudårsaka til det siste kursfallet. Siste banken det er uro rundt er den tyske storbanken Deutche Bank. Fredag ettermiddag hadde Deutsche Banks aksjar stupt nesten 9 prosent på Frankfurt-børsen.

Dei to store amerikanske bankane Silicon Valley Bank og Signature Bank kollapsa i byrjinga av mars. Sidan har bølgjer av uro prega den globale finansmarknaden. For ei veke sidan kollapsa den sveitsiske storbanken Credit Suisse og vart raskt kjøpt opp av rivalen UBS.

Dei tonegivande børsane i Europa fell òg fredag.

FTSE 100-indeksen i London hadde falle med 1,52 prosent i 16.30-tida, medan den tyske DAX-indeksen hadde falle med 1,97 prosent. I Paris fall CAC 40-indeksen med 1,99 prosent.

Børstabell for Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Hofseth Biocare 2,99 2,75 %
Golden Energy Offshore Services 1,095 1,39 %
Nortel 29,4 0,00 %
Norva24 Group * 28,96 -0,14 %
Havila Kystruten 9,28 -0,22 %
Sparebanken Møre 79,9 -0,89 %
Arctic Bioscience 10,3 -0,96 %
Endúr 32,865 -2,33 %
Salmon Evolution 7,78 -2,63 %
Atlantic Sapphire 5,505 -3,34 %
Eqva (tidl. Havyard Group) 2,805 -3,66 %
Hexagon Purus 24,88 -4,01 %
Hexagon Composites 33,26 -4,21 %
Statt Torsk 1,165 -4,51 %
Hav Group 10,64 -5,67 %
Havila Shipping 13,8 -8,73 % |
*I svenske kroner - selskapet er registert på Stockholms-børsen.

Publisert: 24.03.2023 12:44

Sist oppdatert: 25.03.2023 00:22

Mer om