Sjå børstabell for Nordvestlandet under saka
Fora Form-eigar, Lammhulst Design Group, sine resultat har svinga til det betre i løpet av året. Det viser selskapet sin rapport for 3. kvartal som blei lagt fram onsdag.
Medan fjoråret enda med betydeleg underskot, er drifta i år snudd til det positive. Tredje kvartal enda med eit resultat før skatt i pluss - men det er framleis minus for heile perioden på 0,8 millionar svenske kroner.
Omsetninga til det svenskeigde møbelkonsernet har gått nokre knepp opp samanlikna med fjoråret.
Fora Form i Ørsta er ein del av forretningsområdet Office Interiors i Lammhulst Design Group. Rapporten viser at området har hatt ein vekst i inntektene på 9,4 prosent.
Konsernsjef Susanne Hilleskog meiner lønnsemda ikkje så god som den bør vere, men at den er på rett veg. Ho trekk fram utviklinga i Norge elles som positiv.
Det norske salsteamet var først til å gå over til å jobbe med alle Lammhulst-konsernet sine merkevarer. Det har gitt vekst også i tredje kvartal, skriv Hilleskog i rapporten til Stockholm-børsen.
| Lammhults Design Group AB | ||
| Per 3. kvartal. i mill. svenske kroner | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 628,1 | 609,8 |
| Driftsresultat | 4,9 | 18,8 |
| Resultat før skatt | -0,8 | -27,2 |
| Lammhults Design Group AB | ||
| 3. kvartal. i mill. svenske kroner | 2025 | 2024 |
| Driftsinntekt | 205,4 | 188,7 |
| Driftsresultat | 6,1 | 4,4 |
| Resultat før skatt | 4,5 | 0,7 |
Det var ingen store rørsler hos dei børsnoterte selskapa frå Nordvestlandet onsdag.
Sparebank 1 SMN la tidleg på dagen fram rapport for 3. kvartal, som viste høg aktivitet og lønsam vekst på alle område.
Hovudindeksen på Oslo børs slutta dagen opp 0,1 prosent til 1639,8 poeng.
Saka blir oppdatert
Børstabell for Nordvestlandet:
| Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
| Arctic Bioscience | kr 3,20 | -3,61 % |
| Atlantic Sapphire | kr 7,41 | -1,72 % |
| Endúr | kr 86,50 | 0,00 % |
| Golden Energy Offshore Services | kr 17,20 | 1,18 % |
| Hav Group | kr 6,50 | 3,50 % |
| Havila Kystruten | kr 1,25 | 0,81 % |
| Havila Shipping | kr 1,20 | 0,00 % |
| Hexagon Composites | kr 9,61 | 0,63 % |
| Hexagon Purus | kr 1,90 | 6,38 % |
| Hofseth Biocare | kr 2,00 | -0,99 % |
| Tinde Sparebank | kr 122,40 | 2,00 % |
| Salmon Evolution | kr 5,16 | -0,77 % |
| Sparebanken Møre | kr 103,00 | -1,44 % |
Publisert: 29.10.2025 16:33
Sist oppdatert: 29.10.2025 16:51






