Romega Arctic Bioscience foto Arctic Bioscience 11
HELSEKOST: Arctic Bioscience jobbar med å utvikle legemiddel, men inntektene kjem inntil vidare frå helsekost. Foto: Arctic Bioscience
Nytt

Børsdagen: Bioteknologi på topp

Tung dag for USA-satsing på landbasert laks. Sjekk børstabell for Nordvestlandet.

Marius Rosbach
19.02.2024

Arctic Bioscience-aksjen hadde den største oppturen av dei børsnoterte selskapa frå Nordvestlandet måndag.

Hovudindeksen på Oslo børs gjekk opp med kring 0,3 prosent til 1268,10 poeng, etter ein dag utan dei store hendingane sett frå regionen.

Hav Group som hadde ein opptur før helga, var mellom dagens taparar.

Verst utvikling av selskapa frå regionen hadde Atlantic Sapphire-aksjen. Selskapet som satsar på landbasert oppdrett av laks i USA, har ikkje klart å overtyde investorane og kursen har ikkje vore over to kroner sidan i fjor haust.

Børstabell for Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Arctic Bioscience kr 10,50 5,00 %
Havila Shipping kr 4,56 2,47 %
Golden Energy Offshore Services kr 1,43 1,13 %
Norva 24 Group* 27,30 kr 1,11 %
Sparebanken Møre kr 86,63 0,77 %
Endúr kr 41,30 -0,24 %
Salmon Evolution kr 6,50 -0,91 %
Havila Kystruten kr 0,84 -1,18 %
Hexagon Purus kr 7,59 -1,68 %
Hexagon Composites kr 19,42 -2,90 %
Hofseth Biocare kr 2,33 -2,92 %
Hav Group kr 11,40 -5,00 %
Atlantic Sapphire kr 1,60 -6,67 %
* Kurs i SEK

Publisert: 19.02.2024 17:17

Sist oppdatert: 19.02.2024 17:18