Børsdagen: Botnrekord for torskeoppdrettar
Kontraktsrush for Endúr og botnfiske for Statt Torsk-aksjonærane.
Statt Torsk-aksjen fall torsdag til sitt lavaste nivå sidan oppstarten. Selskapet som har oppdrettslokalitetar på nordsida av Vanylvsfjorden, er no prisa til 190 millionar kroner, eit fall på 55,7 prosent siste halve året.
Torsdag vart ein ny tung dag for aksjonærane. Kursen fall 4,47 prosent, til 8.89 kroner aksjen.
Kontraktsrush
Ei langt betre reise har Endúr-aksjonærane hatt. Kursen har stige 71,7 prosent siste halve året. Torsdag melde selskapet om fleire nye kontraktar. BMO Entreprenør, Endúr Maritime og Endúr Sjøsterk, som alle er eigd av Endúr-konsernet, har samla landa kontraktar verd om lag 210 millionar kroner.
BMO skal utføre arbeid for Bane Nor i Oslo-regionen, medan Endúr Maritime har fått forlenga ei kontrakt på vedlikehald, reparasjonar og oppgraderingar av Sjøforsvarets skipsflåte.
Endúr Sjøsterk har signert ei kontrakt med Eidsfjord Sjøfarm om produksjon av ei betongfôrflåte.
Innsidehandel
Innsidarane held fram med å handla aksjar i Salmon Evolution etter at selskapet denneveka henta inn 525 friske millionar til kurs 7,70 kroner for aksjen. Torsdag kjøpte Birger Øren Holo, som er nærståande til Kamilla Mordal Holo, Chief Project Officer i Salmon Evolution, 10,000 aksjar til kurs 7,80. Holo har dermed totalt 23.000 aksjar i selskapet, som torsdag hadde ein sluttkurs på 7,89 kroner.
Størst hopp i kursen av selskapa i nordvest var det Ålesund-selskapet Golden Energy Offshore Services som hadde, men det skjedde på svært lavt volum.
Hovudindeksen fall 0,5 prosent torsdag. Ved børsslutt vart eit fat nordsjøolje handla til 81,29 dollar, ein nedgang på 1,87 prosent frå dagen før.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
Golden Energy Offshore Services | 1,18 | 8,46 % |
Nortel | 29 | 2,84 % |
Atlantic Sapphire | 5,3 | 1,92 % |
Havila Kystruten | 9,56 | 1,70 % |
Salmon Evolution | 7,89 | 1,15 % |
Norva24 Group* | 29,25 | 0,86 % |
Eqva | 3,42 | 0,52 % |
Sparebanken Møre | 77,77 | 0,35 % |
Hexagon Composites | 31,8 | 0,19 % |
Havila Shipping | 14,84 | 0,14 % |
Arctic Bioscience | 10,8 | 0,00 % |
Hav Group | 10,9 | -1,36 % |
Hofseth Biocare | 3,4 | -2,30 % |
Hexagon Purus | 27,7 | -4,42 % |
Statt Torsk | 0,898 | -4,47 % |
Endúr | 48,1 | 1,48 % |
* I svenske kroner. Selskapet er registrert på Stockholms-børsen |
Publisert: 20.04.2023 16:56
Sist oppdatert: 20.04.2023 17:35