Atlantic sapphire fase 2 florida foto atlantic sapphire
FLORIDA: Atlantic Sapphire har sitt formelle hovudkontor i Vestnes kommune og driv landbasert lakseoppdrett i Florida i USA. Foto: Atlantic Sapphire
Nytt

Børsdagen: Endra bodskap frå Atlantic Sapphire

Kraftig fall for det landbaserte oppdrettselskapet.

17.03.2023

Då Atlantic Sapphire henta 1,2 milliardar kroner i ny eigenkapital i fjor sommar var hovudbodskapen at pengane først og fremst skulle gå til å finansiere andre byggesteg - fase 2 - av det landsbaserte oppdrettsanlegget i Florida. Sist på prioriteringslista sto "generelle formål".

Les børsmeldinga frå 28. juni 2022 her

Då Atlantic Sapphire natt til i dag henta inn 550 millionar kroner i ein ny emisjon var hovudmålet å finansiere dei tiltaka som må til for å sikre ein stabil produksjon og lønsemd i fase 1 delen av anlegget. Det som eventuelt blir til overs skal vere med og finansiere utbygging av fase 2-delen av anlegget.

Les børsmeldinga frå 16. mars 2023 her

Det kan sjå ut som om formålet for dei to emisjonane har kome i feil rekkefølgje.

Så lenge første byggetrinn ikkje er ferdig og feilfritt vil det henge eit tvil over selskapet, som trekker aksjekursen ned.

Emisjonen denne veka kan sjåast på som eit steg tilbake, etter at selskapet i fjor haust melde om framskunda slakting av ein del av fisken i anlegget, på grunn av høg dødleigheit.

"Suboptimale driftsprosedyrar" var forklaringa på den høge dødlegheita som hadde skjedd, og selskapet skulle mellom anna bedre kjølesystema og lystilhøva.

Les børsmelding om framskunda slakting her
Les børsmelding med rapport om drifta per 3. kvartal 2022 her

Då børsen stengte i dag var kursen i Atlantic Seafood 5,53 kroner, ned 14,66 prosent samanlikna med i går, men over emisjonskursen på fem kroner.

Fredagens kurs verdset Atlantic Sapphire til 848 millionar kroner.

Artikkelen er oppdatert etter at børsen stengte i dag, mellom anna med oversikt over børsutviklinga for selskap på Nordvestlandet.

Kursen i mobiltelefoniselskapet Nortel steig til ny rekord, etter eit fall i går. Selskapet varsla for to dagar sidan at det har potensielle kjøparar på hand og at det vil bruke tida fram til slutten av andre kvartal i år til å finne ut kva det vil gjere vidare.

Berre fire av selskapa på NETT NO si oversikt (sjå tabell under) hadde kursstigning fredag.

Hovudindeksen på Oslo Børs fall 0,6 prosent.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Nortel 34,40 15,44 %
Hofseth Biocare 2,99 6,79 %
Golden Energy Offshore Services 1,12 2,28 %
Havila Shipping 15,64 1,56 %
Norva 24* 30,50 0,00 %
Hav Group 11,30 -1,05 %
Salmon Evolution 7,91 -1,13 %
Endúr 44,47 -1,18 %
Sparebanken Møre 79,92 -1,33 %
Eqva (tidlegare Havyard Group) 3,13 -2,19 %
Havila Kystruten 9,58 -2,64 %
Hexagon Composites 35,50 -2,74 %
Hexagon Purus 25,66 -4,82 %
Arctic Bioscience 11,85 -12,22 %
Statt Torsk 1,13 -12,40 %
Atlantic Sapphire 5,53 -14,66 %
*Svenske kroner

Publisert: 17.03.2023 15:55

Sist oppdatert: 17.03.2023 17:14

Mer om