Like før klokka 12 i dag var det handla fleire små aksjepostar i Endùr til kurs 47,8 kroner aksjen. Høgaste kurs ved dagens slutt hittil i år hadde Endúraksjen 14. mars i år, 47,74 kroner aksjen.
Vi må tilbake til juli 2021 for å finne ein høgare kurs for Endur, men det er framelis eit stykke opp kva aksjane var verdt I januar 2021. Då vart ingeniør- og prosjekteringselskapet Artec Aqua i Ålesund ein del av Endúr-konsernet, i ein transaksjon der Artec Aqua-grunnleggarane vart største eigarar i Endúr.
Då var kursen like under 60 kroner. Like etter steig kursen opp til 75,50 kroner, før den fall i rykk og napp ned til 20 kroner aksjen 10. mai 2022. Deretter har trenden vore positiv for Endúr-eigarane og sidan årsskiftet har kursen stige over 36 prosent.
Etter å ha snust på årsrekorden fall Endúr-kursen litt ned og slutta på 47 kroner då børsen stengde for dagen. Det er opp 5,76 prosent sidane i går.
Artikkelen er oppdatert etter at Oslo Børs stengte for dagen, mellom anna med tabell med aksjekurs og - utvikling for børsnoterte selskap på Nordvestlandet.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
Endúr | 47,00 | 5,76 % |
Arctic Bioscience | 11,35 | 3,18 % |
Golden Energy Offshore Services | 1,09 | 2,36 % |
Eqva (tidlegare Havyard Group) | 3,25 | 2,20 % |
Salmon Evolution | 8,30 | 2,09 % |
Hexagon Purus | 26,10 | 1,64 % |
Statt Torsk | 1,095 | 0,92 % |
Havila Kystruten | 9,50 | 0,21 % |
Atlantic Sapphire | 5,67 | 0,18 % |
Hav Group | 11,04 | 0,06 % |
Nortel | 30,00 | 0,00 % |
Sparebanken Møre | 77,75 | -0,06 % |
Norva 24* | 28,74 | -0,60 % |
Hexagon Composites | 33,30 | -2,40 % |
Havila Shipping | 15,67 | -2,72 % |
Hofseth Biocare | 2,58 | -4,44 % |
*Svenske kroner |
Publisert: 31.03.2023 15:22
Sist oppdatert: 03.04.2023 12:07