Artec Aqua eigarane blir stoerst i Endur
STØRST I KONSERNET: Artec Aqua som blir leia av Ingegjerd Eidsvik, er det største selskapet i Endúr-konsernet. Foto: Arctec Aqua/Marius Rosbach
Nytt

Børsdagen: Endúr mot straumen

Blir ikkje drege ned av lakseskatten. Sjå børstabell for Nordvestlandet.

Marius Rosbach
05.10.2022
Oslo børs fekk ein ny dag i minus onsdag. Hovudindeksen enda ned 0,76 prosent til 1135.54.

Mellom selskapa frå Nordvestlandet var Endúr-aksjen igjen i støtet med ein oppgang på 8,10 prosent.

Konsernet der Artec Aqua i Ålesund utgjer hovedselskapet, har den siste veka gått motsett veg av aksjane til selskap som driv med oppdrett i sjøen. Artec Aqua har spesialisert seg på anlegg til landbasert oppdrett.

Endúr aksjen er siste veka opp nær 16 prosent. Kursen på 28,105 kroner er likevel langt under nivået kring starten av året på nær 50 kroner.

Nortel-aksjen vart dagens vinnar av selskapa frå regionen, medan Statt Torsk vart dagens tapar.

Børstabell for Nordvestlandet:
Selskap Kurs i kroner %-endring
Nortel 19,3 10,92 %
Hexagon Purus 22,6 8,55 %
Endúr 28,105 8,10 %
Atlantic Sapphire 12,15 4,29 %
Arctic Bioscience 15,5 3,33 %
Hofseth Biocare 3,13 2,65 %
Norva24 Group * (ikkje avslutta) 32,375 1,66 %
Hav Group 9,73 1,57 %
Sparebanken Møre 70,33 -0,07 %
Golden Energy Offshore Services 1,975 -0,50 %
Hexagon Composites 24,56 -0,97 %
Havila Kystruten 17,9 -1,65 %
Havyard Group 3,58 -2,19 %
Havila Shipping 8,1 -2,41 % |
Salmon Evolution 8,19 -2,96 %
Statt Torsk 2,23 -3,04 %
*I svenske kroner - selskapet er registert på Stockholms-børsen.

Publisert: 05.10.2022 16:53

Sist oppdatert: 05.10.2022 17:06

Mer om