Børsdagen: Fall etter utdeling til eigarane
Offshore-reiarlag dagens børsvinnar.
Sjå børstabell for Nordvestlandet under
Sparebanken Møre vart torsdagens børstapar frå Nordvestlandet etter at generalforsamlinga godkjente utdelinga av utbytte til eigarane dagen i forvegen.
Banken deler ut 371 millionar til eigarane av eigenkapitalbevisa etter det gode fjoråret – og eit verdifall i etterkant er ei naturleg utvikling.
Verdien for eigenkapitalbevisa til banken slutta dagen på 85 kroner - eit fall på drygt åtte prosent.
Generalforsamlinga vedtok i tillegg å sette av 376 millionar kroner i utbyttemidlar til lokalsamfunnet. Av desse skal 150 millionar overførast til ei ny stifting – om denne får ei formell godkjenning frå Finanstilsynet.
Les også
Havila Shipping-reiarlaget hadde ein god dag på børsen og vart vinnaren av selskapa frå regionen.
Aksjen gjekk opp meir enn 14 prosent i løpet av dagen og bikka seks kroner for første gong sidan desember i fjor. Aksjen fall frå kring ti kroner i fjor haust, og har halde fram med å falle til starten av mars.
Golden Energy Offshore-reiarlaget melde om to korte kontraktar i løpet av torsdagen, og fekk eit løft mot slutten av dagen. Kursen slutta opp kring 2,2 prosent til 1,625 kroner.
Børstabell for Nordvestlandet:
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag | |
Havila Shipping | kr 6,05 | 14,15 % | |
Hofseth Biocare | kr 2,16 | 8,00 % | |
Endúr | kr 47,00 | 3,52 % | |
Norva 24 Group* | kr 26,20 | 2,95 % | |
Arctic Bioscience | kr 10,50 | 2,94 % | |
Hexagon Purus | kr 6,94 | 2,36 % | |
Golden Energy Offshore Services | kr 1,63 | 2,20 % | |
Havila Kystruten | kr 0,73 | 1,53 % | |
Hexagon Composites | kr 19,04 | 1,17 % | |
Hav Group | kr 9,40 | 0,43 % | |
Salmon Evolution | kr 6,59 | 0,15 % | |
Sparebanken Møre | kr 85,00 | 0,00 % | |
Atlantic Sapphire | kr 0,89 | -0,78 % | |
Sparebanken Møre | kr 85,00 | -8,11 % | |
* Kurs i SEK | |||
Publisert: 04.04.2024 14:49
Sist oppdatert: 04.04.2024 23:52