Oslo børs
BØRSEN: Tung dag på Oslo børs. Foto: Oslo børs
Nytt

Børsdagen: Fall for 13 aksjar frå Nordvestlandet

Berre tre selskap frå regionen steig i verdi - to fekk ny botnnotering.

Marius Rosbach
22.09.2022

Torsdag vart ein tung dag på Oslo børs sett frå Nordvestlandet. Aksjane til heile 13 av 16 selskap frå regionen enda dagen med nedgang.

Både Arctic Bioscience og Atlantic Sapphire fekk notert nye botnnoteringar. Verst utvikling hadde Golden Energy Offshore Services og Nortel.

Havyard Group steig mest i løpet av dagen, medan også Hofseth Biocare og Hav Group enda på plussida.

Hovudindeksen på Oslo børs enda svakt ned med 0,36 prosent til 1,159,05. Også på dei viktigaste børsane i Europa var det nedgang torsdag.

Eit fat nordsjøolje vart ved stengjetid omsett for 90,67 dollar fatet, opp 0,94 prosent.

Børstabell for Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Havyard Group 3,085 5,65 %
Hofseth Biocare 3,44 2,08 %
Hav Group 10,64 1,33 %
Statt Torsk 2,19 -0,45 %
Salmon Evolution 8,26 -0,48 %
Norva24 Group * (ikkje avslutta) 32,465 -1,34 %
Endúr 24,455 -2,06 %
Havila Shipping 9,12 -2,15 % |
Sparebanken Møre 70,85 -2,28 %
Hexagon Purus 18,9 -3,47 %
Arctic Bioscience 12,5 -3,85 %
Havila Kystruten 16,9 -4,25 %
Hexagon Composites 23,9 -6,13 %
Atlantic Sapphire 11,05 -6,20 %
Nortel 19,6 -6,67 %
Golden Energy Offshore Services 2 -6,98 %
*I svenske kroner - selskapet er registert på Stockholms-børsen.

Publisert: 22.09.2022 16:39

Sist oppdatert: 23.09.2022 14:51