Oslo Børs Foto Marius Rosbach 11
Illustrasjonsfoto: Marius Rosbach
Nytt

Børsdagen: Flatt for det meste – men ikkje oljeprisen

Sjekk børstabell for Nordvestlandet.

Marius Rosbach
17.06.2025

Utviklinga for oljeprisen var truleg mellom det investorane fann mest spennande tysdag. 

Ved stengetid for Oslo børs hadde eit fat nordsjøolje stige kring tre prosent i løpet av dagen, og låg i overkant av 74 dollar. Oppgangen kjem på bakgrunn av den utvida krigføringa i Midt-Austen. 

Av dei børsnoterte selskapa frå Nordvestlandet var det berre Endúr som hadde nyheiter på hjartet. Ei børsmelding gjaldt oppkjøp gjort av dotterselskapet BMO Entreprenør, og ei anna børsmelding gjaldt ei kontrakt til same selskap. 

Ingen av delane løfta kursen. 

Hovudindeksen på Oslo børs enda med ein nok ein dag i pluss og ein oppgang på 0,2 prosent til 1636,76 poeng. Det er ny toppnotering.

Børstabell for Nordvestlandet:

 

 

SelskapKurs i kroner%-Endring i dag
Arctic Biosciencekr                   3,00 -9,09 %
Atlantic Sapphirekr                   8,98 -1,00 %
Endúrkr                90,70 -0,22 %
Golden Energy Offshore Serviceskr                19,75 2,60 %
Hav Groupkr                   7,20 0,00 %
Havila Kystrutenkr                   1,29 -4,44 %
Havila Shippingkr                   1,34 2,29 %
Hexagon Compositeskr                16,58 -3,04 %
Hexagon Puruskr                   1,79 -1,43 %
Hofseth Biocarekr                   1,89 -4,55 %
Tinde Sparebankkr              128,00 1,27 %
Salmon Evolutionkr                   6,02 -0,66 %
Sparebanken Mørekr              102,72 -1,55 %
* Kurs i SEK  
   

Publisert: 17.06.2025 17:16

Sist oppdatert: 17.06.2025 17:25