Fleire lakseaksjar hadde ein fin børsdag måndag, men lakseselskapa i nordvest var ikkje med på oppturen.
Oppgangen for sektoren kom etter at Nordea Markets meinte at lakseskatt og anna trøbbel var prisa inn i dagens kursar, og meinte at no var det ei god tid å kjøpe lakseaksjar.
Meklarhuset har kjøpstilråding på alle dei store selskapa, som Mowi, Lerøy, Salmar og Bakkafrost, og meiner at lakseprisen neste år vil liggje rundt 80 kroner kiloen.
Oslo-sal
Det er i stor grad selskapa som produserer i sjøen som har fått merke kursfallet for lakseaksjane. Eit selskap som Salmon Evolution har vore lite påverka.
Måndag steig kursen med 0,23 prosent. Selskapet melder at ein no har starta salet av laks frå indre Harøya i Oslo.
Det vert meldt om stor interesse, og så langt har ein gjort avtale med ni Meny supermarknader og ein sushirestaurant.
Statt Torsk-fall
For Atlantic Sapphire vart det ein dårleg børsdag, men ein nedgang på 6,44 prosent, medan det gjekk endå verre for torskeoppdrettaren Statt Torsk. Selskapet henta nyleg inn 40 millionar kroner i ein retta emisjon til kurs 1,70 kroner aksjen. I dag fall kursen under emisjonskursen.
Den store børsvinnaren måndag var hydrogenselskapet Hynion med ein oppgang på 66 prosent etter å ha fått lov til å opne fyllestasjon i Göteborg.
Oslo Børs fall 0,3 prosent. Ved børsslutt vart eit fat nordsjøolje handla til 78,41 dollar fatet, opp 2,56 prosent.
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
Hexagon Purus | 27,08 | 5,21 % |
Hofseth Biocare | 2,52 | 2,86 % |
Endúr | 34,6 | 2,08 % |
Salmon Evolution | 8,71 | 0,23 % |
Arctic Bioscience | 13,25 | 0,00 % |
Golden Energy Offshore Services | 1,4 | 0,00 % |
Nortel | 20,2 | 0,00 % |
Hav Group | 9,45 | -0,53 % |
Sparebanken Møre | 74,5 | -0,65 % |
Norva24 Group* | 31,5 | -0,94 % |
Havila Kystruten | 19,25 | -1,03 % |
Eqva | 2,975 | -1,16 % |
Hexagon Composites | 30,76 | -2,23 % |
Havila Shipping | 11,1 | -6,09 % |
Atlantic Sapphire | 9 | -6,44 % |
Statt Torsk | 1,68 | -11,35 % |
Børsdagen | ||
* I svenske kroner. Selskapet er registrert på Stockholms-børsen |
Publisert: 12.12.2022 16:30
Sist oppdatert: 13.12.2022 10:31