
Børsdagen: Frå vondt til verre for Miami-oppdrett
Atlantic Sapphire på stø kurs ned.
Sjå børstabell for Nordvestlandet under
Aksjekursen for Atlantic Sapphire held fram å peike nedover på vekas første børsdag.
Med eit fall på nye drygt ti prosent, var selskapet måndagens soleklare tapar av dei børsnoterte selskapa på Nordvestlandet.
Selskapet med adresse i Vestnes, driv med landbasert oppdrett ved den amerikanske byen Miami i Florida. Tidlegare har dei møtt på problem med varmt vatn, sjukdom og manglande vekst.
Før helga melde selskapet at det var blitt for trangt om plassen for laksen. Det gjorde oppdrettsaksjen også til torsdagens børstapar.
Etter at Atlantic Sapphire innleia året med ein kurs kring 16 til 18 kroner aksjen. Sidan har den teke stadig nye fall til måndagens sluttkurs på 5,58 kroner aksjen.
Endúr og Hexagon Purus er på toppen av børstabellen måndag av dei børsnoterte selskapa frå regionen.
Hovudindeksen på Oslo børs starta veka med ein nedtur på nær ein halv prosent til 1427,41 poeng.
Børstabell for Nordvestlandet:
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
Endúr | kr 58,90 | 4,99 % |
Hexagon Purus | kr 9,66 | 4,55 % |
Havila Kystruten | kr 0,98 | 3,05 % |
Hexagon Composites | kr 30,50 | 2,52 % |
Hofseth Biocare | kr 2,07 | 2,48 % |
Salmon Evolution | kr 7,14 | 0,99 % |
Sparebanken Møre | kr 83,50 | 0,72 % |
Havila Shipping | kr 6,25 | 0,16 % |
Romsdal Sparebank | kr. 109,70 | 0,16 % |
Norva 24 Group* | kr 28,90 | -0,86 % |
Hav Group | kr 10,40 | -0,95 % |
Golden Energy Offshore Services | kr 29,10 | -1,36 % |
Arctic Bioscience | kr 10,20 | -1,92 % |
Atlantic Sapphire | kr 5,58 | -10,40 % |
* Kurs i SEK | ||
Publisert: 15.07.2024 17:07
Sist oppdatert: 15.07.2024 17:19