Offshorereiarlaget Golden Energy Offshore Services henta 320 millionar kroner i ny eigenkapital frå ei mindre gruppe investorar gjennom ein såkalla retta emisjon i desember i fjor. Då lovde selskapet samstundes også at andre eigarar i selskapet skulle få gå inn med pengar og dermed redusere utvatninga av eigarandelane sine.
Emisjonen i fjor vart gjennomført til åtte kroner aksjen, og det er kursen i reparsjonsemisjonen også. Reparasjonsemisjonar blir normalt avlyst dersom aksjekursen fell under emisjonskursen, men i dette tilfellet har aksjekursen stige. Då børsen stengte i dag var kursebn 8,70 kroner aksjen.
Det er dei aksjonærane som var Golden Energy Offshore Services-eigarar 12. desember i fjor, og som ikkje fekk vere med på retta emisjonen, som får sjansen til å teikne seg for i alt inntil 5.625.000aksjar i reparasjonsemisjonen. Fristen er fredag 17. april.
Artikkelen er oppdatert, mellom anna med aksjekursar for børsnoterte selskap på Nordvestlandet, etter at Oslo Børs stengte i ettermiddag.
| Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
| Arctic Bioscience | 3,42 | 0,89 % |
| Atlantic Sapphire | 1,188 | 3,85 % |
| Endúr | 107,40 | 2,68 % |
| Golden Energy Offshore Services | 8,70 | -2,25 % |
| Hav Group | 9,08 | 0,22 % |
| Havila Kystruten | 50,00 | -1,96 % |
| Havila Shipping | 1,21 | -1,63 % |
| Hexagon Composites | 9,75 | -1,62 % |
| Hexagon Purus | 1,13 | 2,73 % |
| Hofseth Biocare | 1,435 | -0,69 % |
| Tinde Sparebank | 117,00 | 0,00 % |
| Salmon Evolution | 5,07 | 0,40 % |
| Sparebanken Møre | 114,00 | -2,01 % |
Publisert: 09.04.2026 16:05
Sist oppdatert: 10.04.2026 17:20






