Energy Empress foto golden energy offshore services
SELD: Energy Empress har fått ny eigar. Kven det er er ikkje opplyst. Foto: Golden Energy Offshore Services
Nytt

Børsdagen: Golden Energy Offshore Services sel skip

Får 295 millionar kroner for Energy Empress.

23.01.2026

Offshorereiarlaget Golden Energy Offshore Services henta inn desember i fjor inn 320 millionar kroner i ei kapitalutviding, mellom anna for å betale gjeld og rekningar. Då varsla selskapet også at planen var å selje minst to skip.

I dag kom meldinga om det første salet, av fleirbruksskipet Energy Empress for 30 millionar dollar, cirka 295 millionar kroner. Salet er venta å vere gjennomført i februar i år.

Meldinga vart sendt ut klokka 15:31. Då var aksjekursen 6,76 kroner aksjen. Då børsen stengte var kursen 7,48 kroner.

I siste 12-månadarsperiode har kursen i selskapet falle over 61 prosent, trass i oppturen i dag.

Artikkelen er oppdatert, mellom anna med oversikt over kursutviklinga til børsnoterte selskap fra Nordvestlandet i dag.

SelskapKurs i kroner%-Endring i dag
Arctic Bioscience3,40-0,29 %
Atlantic Sapphire6,80-0,72 %
Endúr90,90-0,76 %
Golden Energy Offshore Services7,4817,98 %
Hav Group10,1013,48 %
Havila Kystruten54,201,88 %
Havila Shipping0,922,22 %
Hexagon Composites8,350,36 %
Hexagon Purus1,54-5,87 %
Hofseth Biocare1,23-8,21 %
Tinde Sparebank118,020,00 %
Salmon Evolution4,88-1,01 %
Sparebanken Møre108,20-1,19 %
   

Publisert: 23.01.2026 16:25

Sist oppdatert: 26.01.2026 16:43

Mer om