Gunnar Larsen Hav Group Skjermbilde foto Hav Group
AKSJAR I RESERVE: Hav Group-sjef Gunnar Larsen har eit tak på 10 prosent for kor mange aksjar selskapet kan eige i seg sjølv. Det taket er enno ikkje nådd. Foto: Skjermdump frå selskapspresentasjon.
Nytt

Børsdagen: Har brukt 41 millioner på eigne aksjar

Skal brukast ved oppkjøp og samanslåing.

17.02.2023

Sju dagar i februar har Hav Group kjøpt aksjar i eige selskap og eig no 7,02 prosent av alle aksjane i selskapet.

Tilsaman 41,8 millionar kroner har selskapet brukt på aksjekjøp så langt, og det kan bli meir. Taket selskapet har sett er 10 prosent av aksjane.

Hovudformålet med aksjekjøpa er å ha aksjane som betaling-/byttemiddel ved kjøp eller samanslåingar med andre selskap. Aksjekjøpa er dermed eit varsl om at Hav Group vil vekse, også ved å legge nye selskap inn under Hav Group-paraplyen.

I dag steig Hav Group-aksjen 12,42 prosent, til 10,68 kroner aksjen, og vart dagens børsvinnar av dei børsnoterte selskapa på Nordvestlandet. Kursen verdset selskapet til 374 millionar kroner.

Det er framleis eit godt stykke opp til gjennomsnittskursen for aksjekjøpa Hav Group har gjort i eige selskap - 13,09 kroner aksjen. Men det er godt over botnnoteringa for selskapet, 8,40 kroner aksjen 26. januar i år.

Hav Group blei børsnotert i mars 2021, til kurs 14 kroner aksjen.

Selskapet vart skilt ut frå det som tidlegare var Havyard Group før børsnoteringa og består av fire ulike selskap; Norwegian Greentech med utstyr og system for handtering av ballastvatn, Hav Hydrogen med design og utstyr for bruk av hydrogen som energiberar ombord i skip, skipsdesignselskapet Hav Design og skipselektronikkselskapet Norwegian Electric Systems.

Havila Holding er største eigar med 24,97 prosent av aksjane.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Hav Group 10,68 12,42 %
Hofseth Biocare 2,74 4,98 %
Golden Energy Offshore Services 1,74 4,19 %
Hexagon Composites 36,12 3,20 %
Arctic Bioscience 14,70 2,44 %
Statt Torsk 1,50 2,39 %
Endúr 32,50 1,88 %
Salmon Evolution 8,70 1,28 %
Nortel 25,00 0,00 %
Eqva (tidlegare Havyard Group) 2,85 -0,18 %
Sparebanken Møre 83,31 -0,35 %
Havila Kystruten 10,50 -0,47 %
Hexagon Purus 28,40 -0,70 %
Havila Shipping 19,72 -1,40 %
Norva 24* 33,44 -3,91 %
Atlantic Sapphire 8,24 -6,95 %
*Svenske kroner

Publisert: 17.02.2023 17:30

Sist oppdatert: 17.02.2023 17:31