Bent Martini foto marius
BETRE TAL: Havila Kystruten-sjef Bernt Martini varslar langt høgare ebitda-resultat i tredje kvartal. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Børsdagen: Havila Kystruten får betre betalt frå staten

Aksjekursen gjekk opp etter varsel om kraftig auke i driftsresultatet. Sjø børstabell for Nordvestlandet.

22.09.2025

Sjå børstabell for Nordvestlandet under saka 

Gods- og passasjerruta mellom Bergen og Kirkenes er eit statsstøtta samband, der reiarlaga Havila Kystruten og Hurtigruten får eit såkalla vederlag for staten for å trafikkere strekninga - i tillegg til inntektene dei sjølve klarer å skaffe. Havila Kystruten trafikkerer strekninga med fire skip.

Vederlaget er indeksregulert. I ei børsmelding skriv Havila Kystruten at selskapet har fått auka vederlaget med 76 millionar kroner, fordelt på 50 millionar kroner for åra før 2025 og 26 millionar kroner for i år. Reguleringa vil også gjelde for komande år. Selskapet presiserer samstundes at tala er avhengig av endeleg saldering av statsbudsjettet. 

Kraftig betring av driftsresultatet
Auken er medrekna i anslaget for tredje-kvartalsresultatet, skriv Havila Kystruten i meldinga.

For tredje kvartal 2025 ventar Havila Kystruten eit driftsresultat før av- og nedskrivingar (ebitda) på 225 millionar kroner. Til samanlikning var ebitda 79 millionar kroner i andre kvartal og 11 millionar kroner i første kvartal i år. 

Tredje kvartal er til vanleg det mest lønsame perioden. Ebitda-resultatet for tredje kvartal i fjor enda på 128 millionar kroner. 

Steig på børs
Havila Kystruten-aksjen steig etter nyheita måndag morgon. Sluttkursen enda på 1,28 kroner - opp nær to prosent i løpet av dagen - og over 80 prosent så langt i år.  

Kursen verdset selskapet til 1,1 milliardar kroner. Selskapet vart børsnotert i 2021 og på topp - i januar 2022 - var kursen over 25 kroner aksjen.

Kan få betre betalt 
Revisjonen av vederlaget til reiarlaget er ikkje ferdig og det kan bli meir, ifølgje børsmeldinga:

«Foreløpig resultat av revisjonen er innarbeidet i Q3-estimatet. Det pågår en prosess med SSB om to metodiske avklaringer som kan gi ytterligere positiv effekt. Disse forventes avklart i nær fremtid, med økonomisk oppgjør i 2026», skriv Havila Kystruten.

Børstabell for Nordvestlandet:

SelskapKurs i kroner%-endring i dag
Arctic Biosciencekr                   3,72 0,81 %
Atlantic Sapphirekr                   7,55 -0,20 %
Endúrkr                85,70 -2,06 %
Golden Energy Offshore Serviceskr                19,95 -0,25 %
Hav Groupkr                   6,80 -0,29 %
Havila Kystrutenkr                   1,28 1,99 %
Havila Shippingkr                   1,40 -1,06 %
Hexagon Compositeskr                12,26 -4,67 %
Hexagon Puruskr                   1,52 0,00 %
Hofseth Biocarekr                   1,80 -3,75 %
Tinde Sparebankkr              122,00 0,02 %
Salmon Evolutionkr                   5,31 0,95 %
Sparebanken Mørekr              106,00 -1,74 %
   
   

Publisert: 22.09.2025 08:53

Sist oppdatert: 22.09.2025 16:51

Mer om