Oslo børs 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
OPP: Hovudindeksen på Oslo Børs steig 0,91 prosent i dag. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Havila Kystruten under emisjonskurs

Blir ingen reparasjonsemisjon når det er billegare å kjøpe aksjar på børsen.

03.07.2023

Havila Kystruten har nyleg fått eit utvald gruppe investorar til å teikne seg for 760 millionar kroner ny eigenkapital i ei kapitalutviding til 1,10 kroner aksjen.

Kapitalutviding var rette mot ein utvald gruppe aksjonærar, mellom dei storaksjonæren Halvila Holding. For at også mindre aksjonærar skulle få sjansene til å vere med, og dermed kunne redusere utvatninga av småaksjonærane, planla Havila Kystruten ein såkalla reparasjonsemisjon til same kurs som den retta emisjonen, 1,10 kroner i aksjen.,

I dag fall kursen under dette nivået (sjå tabell) og heile poenget med reparasjonsemisjonen på inntil 60 millionar aksjer er dermed borte. Småaksjonærane får meir for pengane om dei kjøper aksjar direkte på børsen.

Sidan årsskiftet har kursen til Havila Kystruten falle 90 prosent.

Publisert: 03.07.2023 16:49

Sist oppdatert: 04.07.2023 13:13

Mer om