Børsdagen: Havila-selskap i topp og botn
Havila Shipping børsvinnar. Ny botnnotering for Havila Kystruten.
Havila Shipping steig 8,46 prosent måndag, til 14,10 kroner aksjen. Det er høgaste kurs for offshorereiarlaget sidan november i fjor og selskapet blei dagens børsvinnar på Nordvestlandet.
Eit anna selskap med Havila Holding som storaksjonær, Havila Kystruten, fall 4,25 prosent til 10,15 kroner aksjen.
Det er den lågaste kursen sidan selskapet blei børsnotert i august 2021.
Havila Kystruten henta før jul 2022 inn 300 millionar kroner i ei kapitalutviding til 12 kroner aksjen i ein retta emisjon. Dei aksjonærane som ikkje fekk vere med på kapitalutvidinga kan delta i ein såkalla tilleggsemisjon, men med dagens aksjekurs er det billegare å kjøpe aksjane over børs.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Havila Shipping | 14,10 | 8,46 % |
Hav Group | 8,95 | 5,29 % |
Hexagon Purus | 26,16 | 3,56 % |
Golden Energy Offshore Services | 1,38 | 1,85 % |
Statt Torsk | 1,67 | 1,21 % |
Norva 24* | 34,68 | 0,29 % |
Atlantic Sapphire | 7,40 | 0,07 % |
Nortel | 20,20 | 0,00 % |
Hofseth Biocare | 3,10 | 0,00 % |
Eqva (tidlegare Havyard Group) | 2,99 | 0,00 % |
Endúr | 27,82 | -0,27 % |
Sparebanken Møre | 80,00 | -0,55 % |
Salmon Evolution | 8,25 | -0,84 % |
Arctic Bioscience | 11,40 | -1,72 % |
Hexagon Composites | 32,68 | -1,98 % |
Havila Kystruten | 10,15 | -4,25 % |
*Svenske kroner |
Publisert: 16.01.2023 16:50
Sist oppdatert: 17.01.2023 02:17