Havila Kystruten ny organisasjon 1
NY ORGANISASJON: Frå i sommar gjekk Lasse A. Vangstein inn i rolla som kommunikasjon- og marknadsdirektør, medan Johanna Hansli vart salsdirektør. Bent Martini (midten) er framleis administrerande direktør. Foto: Havila Kystruten
Nytt

Børsdagen: Hektisk arbeid i skuggen av børsen

Stilt frå Kystruten-reiarlaget - men jobbar for å få skipa klare. Sjekk dagens børstabell.

Hovudindeksen på Oslo Børs avsluttar veka med ein oppgang på 0,44 prosent fredag.

Dagens børsvinnar frå Nordvestlandet er Hofseth Biocare, med ein auke på 9 prosentpoeng fredag. Hakk i hel finn vi Arctic Bioscience, med ein auke 8,20 prosent.

Dagens tapar av selskap frå regionen er Eqva, som fell 5,82 prosent.

Stilt frå Kystruten
Også Havila Kystruten hadde ein god dag på børsen med ei auke til 1,34 kroner aksjen – godt over emisjonskursen frå tidlegare i veka.

Etter at reiarlaget lukkast å hente inn meir pengar denne veka, ser no alt ut til å vere på plass for at reiarlaget kan ta dei to siste skipa sine heim.

Likevel har det vore stilt frå selskapet forutan den formelle meldinga frå generalforsamlinga.

Finansdirektør Arne Johan Dale påpeika også til NETT NO tidlegare i veka at sjølv om brikkane såg til å falle på plass, var overlevering av skipa er den endelege målstreken.

Treng fleire tilsette
Kommunikasjon- og marknadsdirektør Lasse Vangstein i Havila Kystruten voktar seg for å seie noko børssensitivt, og gjentek at dei planlegg for at Havila Pollux og Havila Polaris skal segle frå Bergen 12. og 17. august.

Reiarlaget har mannskap på plass for dei nye skipa – og ein plan for korleis dei skal kome seg til det tyrkiske verftet, slik at skipa kan seglast til Norge.

Samtidig har reiarlaget behov for fleire tilsette og har ein rekke stillingar utlyst.

- Framover kjem vi heilt sikkert til å søke etter fleire folk, både fordi vi skal ha inn dei to nye skipa, men også fordi vi alltid har behov for påfyll av god arbeidskraft, seier Vangstein.

Med fire skip i drift vil Havila Kystruten ha kring 550 sjøfolk i arbeid.

God pågang frå passasjerane
Vangstein fortel at reiarlaget opplever god pågang på seglasane og at tilbakemeldingane frå gjestane er bra.

For sommarsesongen seglar både Havila Kystruten og Hurtigruten sine skip på dagsseglas til Geiranger frå Ålesund. Også desse turane har reiarlaget godt besøk.

- Det er ei unik oppleving å kunne skli inn fjorden nærast lydlaust, er ei unik og morosam oppleving, seier Vangstein og viser til at reiarlaget sine skip allereie seglar utsleppsfritt i verdsarvfjorden.

Børstabell for Nordvestlandet:

Ticker Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Hofseth Biocare ASA (XOSL:HBC) Hofseth Biocare kr 3,44 19,03 %
Arctic Bioscience AS (XOSL:ABS) Arctic Bioscience kr 9,76 8,20 %
Havila Kystruten AS (XOSL:HKY) Havila Kystruten kr 1,34 3,08 %
Golden Energy Offshore Services AS (XOSL:GEOS) Golden Energy Offshore Services kr 1,19 1,19 %
Hexagon Composites ASA (XOSL:HEX) Hexagon Composites kr 24,74 0,98 %
Hexagon Purus ASA (XOSL:HPUR) Hexagon Purus kr 19,48 0,83 %
Nortel AS (XOSL:NTEL) Nortel kr 26,60 0,76 %
Statt Torsk ASA (XOSL:STATT) Statt Torsk kr 0,55 0,73 %
Atlantic Sapphire ASA (XOSL:ASA) Atlantic Sapphire kr 6,20 0,65 %
Havila Shipping ASA (XOSL:HAVI) Havila Shipping kr 13,24 -0,45 %
Hav Group ASA (XOSL:HAV) Hav Group kr 10,20 -0,49 %
Endur ASA (XOSL:ENDUR) Endúr kr 40,30 -0,49 %
Sparebanken More (XOSL:MORG) Sparebanken Møre kr 76,00 -0,65 %
Salmon Evolution ASA (XOSL:SALME) Salmon Evolution kr 6,67 -1,62 %
Norva24 Group AB (publ) (XSTO:NORVA) Norva 24 Group* 26,25 kr -2,78 %
Eqva ASA (XOSL:EQVA) Eqva (tidl. Havyard Group) kr 2,80 -4,11 %
* Kurs i SEK

Publisert: 21.07.2023 16:41

Sist oppdatert: 29.07.2023 15:12

Mer om