Hexagon Purus Illustrasjonsfoto Hexagon Purus 11
KJEMPEAVTALE: Avtalen Hexagon Purus kan vere i ferd med å sikre seg, gjeld utstyr på opptil 10.000 lastebilar til den amerikanske marknaden. Foto: Hexagon Purus
Nytt

Børsdagen: Hentar pengar og snusar på mangemilliard- avtale

Hexagon Purus-partnar investerer ein halv milliard i friske pengar - og selskapet vil hente meir kapital.

Rett etter børsslutt onsdag meldte Hexagon Purus at dei er i langt komne samtalar om ei kontrakt til ein verdi av opptil 20 milliardar kroner.

Avtalen gjeld levering av utstyr på opptil 10.000 lastebilar med nullutsleppsløysingar, som Hino Trucks vil produsere fram til 2030, ifølgje børsmeldinga.

Hexagon Purius lagar tankar og system for bruk av hydrogen som energiberar.

Mitsui inn med halv milliard
Kort tid etterpå kom meldinga om at hydrogenselskapet sin japanske partnar Mitsui, investerer ein halv milliard kroner. Samtidig er det inngått ein avtale som kan inkludere ytterlegare investeringar på opptil 1,5 milliardar kroner. Det vil gjere Miutsi til ein "betydeleg minoritetsaksjonær", ifølgje børsmeldinga.

Samtidig går selskapet ut i marknaden med tilbod om konvertible obligasjonar til 700-800 millionar, og ein emisjon med mål om å hente 350-450 millionar i ny eigenkapital.

Prosessen blir avslutta seinast torsdag morgon klokka 08, ifølgje børsmeldinga.

Kursfall
Børsmeldingane kom etter at børshandelen var over for i dag.

Meldingar om kapitalutvidingar brukar ofte medverke til fall i aksjekursen fordi eksisterande eigarar får redusert sin eigarandel om dei ikkje sjølve er med på kapitalutvidinga. Når børsen opnar i morgon får vi sjå om meldinga om moglege milliardoppdrag vil vere med på å dra aksjekursen oppover i staden.

Hittil i år har Hexagon Purus-kursen stige 59 prosent. I siste 12-månadersperiode er kursauken 39 prosent.

I dag fall aksjekursen i selskapet 5,94 prosent, til 32,94 kroner aksjen. Den kursen verdset selskapet til 8,5 milliardar kroner.

Hexagon Composites, med Flakkfamilien i Ålesund som nest største eigar, eig 73 prosent av aksjane i Hexagon Purus. Begge selskap er børsnotert og har hovudkontoradresse i Ålesund.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Nortel 27,80 8,59 %
Arctic Bioscience 14,00 5,26 %
Hofseth Biocare 2,99 3,82 %
Sparebanken Møre 87,95 2,99 %
Hexagon Composites 38,26 1,97 %
Havila Shipping 17,16 0,94 %
Statt Torsk 1,53 0,66 %
Endúr 39,00 0,00 %
Golden Energy Offshore Services 1,48 -0,67 %
Havila Kystruten 10,00 -1,48 %
Salmon Evolution 8,34 -1,53 %
Hav Group 10,98 -3,00 %
Norva 24* 31,02 -3,12 %
Hexagon Purus 32,94 -5,94 %
Atlantic Sapphire 6,86 -7,36 %
Eqva (tidlegare Havyard Group) 3,50 -7,89 %
*Svenske kroner

Publisert: 01.03.2023 16:52

Sist oppdatert: 01.03.2023 17:23

Mer om