Oslo børs
Fall: Hovudindeksen på Olso Børs fall 0,43 prosent i dag. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Hexagon Composites-opptur

Sidan starten av mai har Hexagon Composites-aksjen blitt 2,5 gangar meir verdt.

17.09.2024

I dag steig Hexagon Composites-aksjen 4,48 prosent, til 42 kroner aksjen.

Det er den høgaste kursen hittil i år.

Berre ein kort periode hausten 2020 og fram til mars 2021 har aksjekursen i Hexagon Composites vore høgare.

Den gongen var det truleg Hexagon Composites si verksemd mot hydrogenmarknaden som var årsaka til kursauken. No er truleg forklaringa i det minste også auka tiltru til Hexagon Copmposites si eiga verksemd.

Flakk-familien i Ålesund er stor aksjonær i begge selskapa.

Hexagon Composites lagar tankar og system for bruk av natur- og biogass som energikjelde, og utvikla også tilsvarande for bruk av hydrogen som energiberar. Den verksemda vart skilt ut i datterselskapet Hexagon Purus og børsnoterte i slutten av 2020 då alt som kunne kallast grønt vart møtt med jubel på børsen. Det gav også Hexagon Composites eit kraftig løft, sidan selskapet var majoritetseigar i Hexagon Purus.

Etterpå at grønfargen tapt ein del av glansen på børsen.

I sommar fall Hexagon Purus-kursen til sitt hittil lågaste nivå, like under fem kroner aksjen. Kursen er litt meir enn dobla sidan då, men er framleis ned over fem prosent sidan årskiftet og over 45 prosent ned samanlikna med for 12 månadar sidan.

Hexagon Composites er opp over 45 prosent sidan årskiftet og over 15 prosent samanlikna med for 12 månadar sidan.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Atlantic Sapphire 0,79 10,99 %
Hexagon Composites 42,00 4,48 %
Havila Kystruten 0,78 3,03 %
Romsdal Sparebank 115,40 2,58 %
Hexagon Purus 10,52 1,94 %
Norva 24 Group* 32,55 0,15 %
Endúr 60,00 -0,50 %
Hofseth Biocare 1,80 -0,55 %
Sparebanken Møre 83,74 -0,77 %
Salmon Evolution 6,63 -1,19 %
Arctic Bioscience 13,50 -1,46 %
Hav Group 8,54 -2,06 %
Havila Shipping 3,84 -3,52 %
Golden Energy Offshore Services 22,40 -6,28 %
* Kurs i SEK

Publisert: 17.09.2024 16:58

Sist oppdatert: 17.09.2024 16:58