Morten Holum 2 Hexagon Purus Maritime foto Ogne
VARSEL: Hexagon Purus-sjef Morten Holum har sendt ut eit varsel om mindre vekst enn venta, før den planlaget resultatpresentasjonen 11. februar. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Hexagon Purus bak skjema

Har mindre vekst enn selskapet spådde. Aksjekursen ned over 24 prosent.

24.01.2025

Hexagon Purus har tidlegare spådd ein inntektsvekst på minst 50 prosent i 2024 samanlikna med året før. Fasit ble ein vekst på 42 prosent.

Det er oppdrag som skulle fullførast i fjor som først blir ferdig i år, og at kontraktar for 2024 er flytta til i år, som er årsaka til at veksten ikkje blei så høg som venta. Det fortel selskapet i ei børsmelding.

Børsmeldinga er eit resultatvarsel før eit meir fullstendig kvartalsrekneskap blir lagt fram 11. februar.

I dag fall kursen i Hexagon Purus med 24,48 prosent, til 3,10 kroner aksjen. Det er ny botnrekord. Kursen verdset selskapet til 1,3 milliardar kroner. Tidleg i 2021 var kursen over 80 kroner aksjen, men deretter trenden vore negativ. 

Hexagon Purus lagar tankar og system for bruk av hydrogen som energiberar, og leverer i tillegg batterianlegg. Selskapet var opphavleg ein del av Hexagon Composites, men vart skilt ut og børsnotert i 2020. Hexagon Composites, der Knut Flakk er styreleiar og stor aksjonær, er framleis største eigar i Hexagon Purus.

Dei førebelse tala som er lagt fram i børsmeldinga viser ei inntekt på 1876 millionar kroner i 2024, og eit driftsresultat før av- og nedskrivingar (ebitda) på minus 348 millionar kroner. Det er ein inntekstvekst på 42 prosent.  Driftsresultat før av- og nedskrivingar i høve til inntekten evar minus 19 prosent i 2024, mot minus 34 i 2023.

I fjerde kvartal 2024 var inntekten 348 millionart kroner, mot 336 millionar kroner i fjerde kvartal 2023, ein vekst på 3,5 prosent.

Artikkelen er oppdatert, mellom anna med aksjekursar for børsnoterte selskap på Nordvestlandet, etter at børsen stengte for dagen.

HEXAGON PURUS quote chart 1 1
DAGENS NEDTUR: Aksjekursen til Hexagon Purus stupte straks børsen opna i dag. Grafikken viser status klokka 11:36. Grafikk: Oslo Børs
Børsdagen  
SelskapKurs i kroner%-Endring i dag
Romsdal Sparebank125,50 3,72 %
Hav Group6,22 1,97 %
Hofseth Biocare2,90 1,75 %
Salmon Evolution6,98 1,60 %
Norva 24 Group*25,050,80 %
Arctic Bioscience3,32 0,61 %
Endúr68,50 -0,44 %
Golden Energy Offshore Services19,25 -0,77 %
Havila Kystruten0,84 -1,53 %
Havila Shipping1,43 -1,65 %
Sparebanken Møre94,61 -2,86 %
Atlantic Sapphire13,88 -3,66 %
Hexagon Composites38,70 -9,47 %
Hexagon Purus3,10 -24,48 %
* Kurs i SEK  

Publisert: 24.01.2025 08:20

Sist oppdatert: 24.01.2025 16:57

Mer om