Børsdagen: Hexagon Purus-hopp
Berre to selskap med større verdistigning på Oslo Børs.
Aksjekursen i Hexagon Purus steog 12,36 prosent i dag , til 31,46 kroner. Det er den tredje største kursauken av selskapa på Oslo Børs i dag.
I andre enden av skalaen var teleselskapet Nortel som fall tilsvarande tysdagens hopp - på liten handel.
Hexagon Purus lagar tankar og system for bruk av hydrogen som energiberar og har Hexagon Composites som største eigar. Hexagon Composites lagar tilsvarande produkt for bruk av natur- og biogass. Begge selskapa er børsnotert, med hovudkontor i Ålesund.
Hexagon Purus kom med ei resultatoppdatering 6. februar og har varsl to mindre kontraktar etterpå. Ut over det er det ingen meldingar frå selskapet som kan forklare dagens kursoppgang.
Selskapet blei børsnotert i januar 2020. Då var kursen 40 kroner, men steig raskt til over 80 kroner aksjen, i ei periode då alt som kunne kallast grønt og miljøvennleg vart svært populært hos aksjeinvestorane.
Når hydrogen og oksygen smeltar saman blir det frigjort energi. Utslepp frå prosessen er reint vatn, og dersom hydrogenet er produsert med fornybar kraft er det ein energiberar som ikkje gir CO2-utslepp.
Begeistringa for det grøne kjølna imidlertid raskt i aksjemarknaden, og i januar 2022 vart Hexagon Purus-aksjen handla til under 17 kroner aksjen. Så seint som 13. oktober i fjor var kursen nede i 17,46 kroner aksjen, men deretter har det gått oppover.
Denne artikkelen er oppdatert etter at dagens børshandel er over, mellom anna med tabell over aksjekursen til alle børsnoterte selskap på Nordvestlandet.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
Hexagon Purus | 31,46 | 12,36 % |
Eqva (tidlegare Havyard Group) | 2,85 | 1,60 % |
Hexagon Composites | 35,84 | 0,73 % |
Statt Torsk | 1,49 | 0,34 % |
Sparebanken Møre | 83,70 | 0,12 % |
Endúr | 32,90 | 0,11 % |
Arctic Bioscience | 14,00 | 0,00 % |
Hofseth Biocare | 2,68 | -1,11 % |
Norva 24* | 33,04 | -1,37 % |
Havila Shipping | 16,66 | -1,65 % |
Salmon Evolution | 8,40 | -2,21 % |
Havila Kystruten | 10,45 | -2,34 % |
Golden Energy Offshore Services | 1,44 | -3,36 % |
Atlantic Sapphire | 7,39 | -4,40 % |
Hav Group | 10,04 | -5,46 % |
Nortel | 25,60 | -11,72 % |
*Svenske kroner |
Publisert: 22.02.2023 12:12
Sist oppdatert: 22.02.2023 16:35