Morten Holum 1 hexagon purus maritime i lnagsvåg foto Ogne
BATTERIBREMS: Batterisatsingan til Hexagon Purus utgjer ein mindre del av verksemda til selskapet, men Hexagon Purus-sjef Morten Holum må handtere at også den marknaden har krympa etter presidentskiftet iUSA i fjor. Foto: Ogne Øyeahug
Nytt

Børsdagen: Hexagon Purus-kutt senka kursen

Brems for batterisatsinga. Legg ned fabrikkar og seier opp folk.

28.01.2026

I tillegg til tankar og system for bruk av hydrogen som energiberar i bussar, lastebilar, skip og tog har Hexagon Purus også satsa på å levere batteriløysingar, med USA som hovudmarknad. Der er det no full brems.

Drifta i fabrikkane i Ontario i California og Kelowna i Canada blir avvikla og verksemda konsentrert til anlegget i Dallas i Texas. To av tre tilsette misser jobben og dei 25 som bli att skal drive på eit minimumsnivå, ifølgje børsmeldinga selskapet sende ut etter at Oslo Børs stengde i går ettermiddag.

Då børshandelen opna igjen i dag var Hexagon Purus eitt av selskapa som fall mest i verdi. Klokka 14:08 er kursen ned 14,74 prosent samanlikna med i går. Ut over ettermiddagen tok aksjekursen seg litt opp igjen, og enda 8,73 prosent under kursen ved slutten av gårsagen. Hexagon Composites, der Knut Flakk er styreleiar og stor aksjonær, er største eigar i Hexagon Purus.

Med Donald Trump som president har også vilkåra for batterisatsinga i USA blitt kraftig forverra, og det er grunnen til at bremsene er sett på, ifølgje børsmeldinga.

"Den amerikanske marknaden for køyretøyelektrifisering har endra seg vesentleg dei siste 12 månadene. Auka uro knytt til reguleringar og toll tyngjer etterspurnaden på kort sikt, og flåteoperatørar vel å forlenge levetida på eigne køyretøy og utsetje utskifting av flåten. Sjølv om visse statlege insentiv framleis gjeld, og nokre flåteoperatørar held fram med langsiktige strategiar for utsleppsreduksjon, er etterspurnaden på kort sikt avgrensa.", heiter det i børsmeldinga.

Med Trump bak roret har også vilkåra for hydrogen-satsinga blitt tyngre, og Hexagon Purus vil kome med eit oppdatering av korleis selkapet hadtgerer det når tala for 4. kvaratal 2025 skal presenterast 10. februar.

Førebelse tal for 4. kvartal 2025 som selskapet la fram i meldinga i går fortel om eit selskap med stor inntektsnedgang og krympa ordrebok samanlikna med 4. kvartal 2024. (2024-tal i parantes:

Inntekt: 468 millionar kroner (396)
Kontantbehaldning: 322 millionar kroner (1028)
Orderbok: 728 millionar kroner (726)

Artikkelen er oppdatert, mellom anna med aksjekursar til børsnoterte selskap på Nordvestlandet, etter at Oslo Børs stengde i ettermiddag.

SelskapKurs i kroner%-Endring i dag
Arctic Bioscience3,49-0,29 %
Atlantic Sapphire6,37-0,47 %
Endúr96,400,00 %
Golden Energy Offshore Services8,4810,13 %
Hav Group10,80-6,09 %
Havila Kystruten54,80-3,18 %
Havila Shipping0,942-3,68 %
Hexagon Composites7,93-2,46 %
Hexagon Purus1,548-8,73 %
Hofseth Biocare1,400,00 %
Tinde Sparebank118,000,00 %
Salmon Evolution4,87-0,10 %
Sparebanken Møre108,98-0,04 %
   

Publisert: 28.01.2026 14:11

Sist oppdatert: 29.01.2026 16:48

Mer om