Atlantic Sapphire Miami Florida foto Atlantic Sapphire 11
TRENG PÅFYLL: Atlantic Sapphire driv landbasert oppdrett ved Miami i USA og slit mellom anna med å få vatnet kaldt nok. Foto: Atlantic Sapphire
Nytt

Børsdagen: Atlantic Sapphire ber om pengar

Vil hente 700 millionar kroner før børsen opnar onsdag.

19.09.2023

Atlantic Sapphire varsla klokka 16.40 tysdag at selskapet vil hente inn 65 millionar dollar - omlag 700 millionar kroner - i ny eigenkapital.

Kapitalutvidinga skal skje til kurs 1,40 kroner og er retta mot ei mindre gruppe investorar.

Arctic Securities og DNB Markets er leigd inn for å hjelpe til med kapitalutvidinga. Målet er å ha den gjennomført før klokka 08 onsdag. Fleire av dei eksisterande eigarane, blant dei Nordlaks-konsernet og Petter Stordalens Strawberry Equities, har forplikta seg til å vere med på kapitalutvidinga.

Les børsmelding her

Atlantic Sapphire var 13. september notert til 1,40 kroner, som er emisjonskursen. Det er førebels botnnotering for selskapet.

Dagens sluttkurs på 1,74 kroner aksjen, verdsette Atlantic Sapphire til 487 millionar. Ei kapitalutviding på 700 millionar kroner betyr ei stor utvatning at aksjonærane som ikkje blir med på kapitalutvidinga.

Michael Kleschinski Morten Holum foto Hexagon Purus 11
OPNING: Hexagon Purus-sjef Morten Holum (t.v.) var med å opne ny fabrikk i Tyskland tysdag. Foto: Hexagon Purus

Tidlegare tysdag markerte Hexagon Purus-sjef Morten Holum opninga av selskapet sin nye fabrikk i Kassel i Tyskland.

Der skal det produserast tankar for bruk av hydrogen som energiberar for skip, tog, buss og bilar. Det er den tredje fabrikken selskapet opnar i år. Frå før er det opna ein tilsvarande fabrikk i Maryland i USA og ein batterisystem-fabrikk i Canada.

Går alt som Hexagon Purus håpar blir det 300 arbeidsplassar på fabrikken i Tyskland.

Les børsmelding her

Artikkelen er oppdatert, mellom anna med aksjekursar for børsnoterte selskap på Nordvestlandet, etter at børsen stengte for dagen.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Statt Torsk 0,66 10,00 %
Sparebanken Møre 78,96 1,23 %
Hexagon Composites 35,18 1,09 %
Golden Energy Offshore Services 1,05 0,77 %
Hofseth Biocare 3,08 0,33 %
Arctic Bioscience 10,00 -0,50 %
Norva 24 Group* 20,85 -0,71 %
Endúr 41,50 -0,72 %
Nortel 25,00 -0,79 %
Hav Group 9,02 -0,88 %
Havila Shipping 9,70 -1,12 %
Havila Kystruten 1,10 -1,79 %
Salmon Evolution 6,30 -1,87 %
Hexagon Purus 17,90 -2,51 %
Eqva (tidl. Havyard Group) 2,85 -3,72 %
Atlantic Sapphire 1,74 -12,80 %
* Kurs i SEK

Publisert: 19.09.2023 16:07

Sist oppdatert: 20.09.2023 01:08

Mer om