Morten Holum foto Oslo Børs skjermdump
HOVUDLISTA: Hexagon Purus-sjef Morten Holum arbeider for å klargjere selskapet for ei eventuell notering på hovudlista på Oslo Børs. Foto: Oslo Børs
Nytt

Børsdagen: Investorane luktar emisjon

Nesten doblar inntektene. Over 400 millionar i minus. Dagens børstapar på Nordvestlandet.

07.02.2023

Børstabell for Nordvestlandet under saka

Hexagon Purus auka inntektene frå 508 millionar kroner i 2021 til 960 millionar i 2022 og ventar 50 prosent vekst i år.

Det fortel selskapet i ei resultatoppdatering som blei sendt måndag kveld i samband med at selskapet har flytta tidpunktet for når resultatet per 4. kvartal 2022 skal leggast fram. Den opphavlege planen var å legge fram kvartalsrapporten 14. februar. No er offentleggjeringa flytta til 25. april.

Grunnen er at selskapet vurderer å flytte frå Euronext Growth-lista på børsen til hovudlista på Oslo Børs, der krava til å vere børsnotert er høgare. Endeleg avgjerd om å søkje flytting blir teken seinare, og vurderinga er avhengig av marknadstilhøva.

  • Saka er oppdatert etter at børshandel var slutt tysdag

Lettare å hente pengar
Grunnen til at selskapet vil på hovudlista er ikkje opplyst i melding, men i alle fall i teorien skal aksjane vere meir omsettlege og det skal vere lettare å hente i ny eigenkapital for eit selskap som er notert på hovudlista enn på Euronext Growth-lista.

Ut frå kursutvikling i dag såg investorane ut til å mislike resultatet og at ein emisjon - som vatnar ut aksjonærar som ikkje kan eller vil bli med - er blitt meir sannsynleg.

Kursfall etter nyheita
Tysdag fall kursen i Hexagon Purus 7,35 prosent - til 27,50 kroner per aksje - samanlikna med ved børsslutt i måndag. Det gjorde selskapet til dagens børstapar på Nordvestlandet.

Hexagon Purus lagar drivstofftankar og system for bruk av hydrogen som engergiberar. Børsnoterte Hexagon Composites, med Flakkfamilien i Ålesund som stor aksjonær, eig 73,29 prosent av aksjane i Hexagon Purus. Begge selskapa har hovudkontoradresse i Ålesund.

Hexagon Composites lagar tankar og system for bruk av naturgass og biogass som energikjelde.

Framleis tresifra minusresultat
Dei førebelse rekneskapstala til Hexagon Purus per 4. kvartal og for heile 2022 viser driftsinntekter og driftsresultat før av- og nedskrivingar (ebitda), ikkje også driftsinntekter og resultat før skatt.

Tabellen under viser tresifra minusresultat i selskapet.

Den relative lønsemda vil betre seg framover, men resultatet framleis vere prega av store kostnadar til å bygge opp organisasjon og fabrikkar.

Samanlikna med 2022 vil driftsinntekter og driftsresultat før av- og nedskrivingar auake med omlag 10 prosent i 2023, ifølgje børsmeldinga.

Hexagon Purus ASA
Pr. 4. kvartal. I mill. kroner20222021
Driftsinntekt960508
Driftsresultat før av- og nedskriving (ebitda)-410-265
Driftsresultat-318
Resultat før skatt-340
Hexagon Purus ASA
4. kvartal. I mill. kroner20222021
Driftsinntekt370259

Driftsresultat før av- og nedskriving (ebitda)

-110-54
Driftsresultat-73
Resultat før skatt-75
Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Nortel 23,80 8,18 %
Golden Energy Offshore Services 1,64 3,14 %
Endúr 29,50 1,72 %
Salmon Evolution 8,30 0,97 %
Arctic Bioscience 10,15 0,50 %
Havila Kystruten 10,40 0,48 %
Hexagon Composites 36,32 0,06 %
Atlantic Sapphire 8,85 -0,17 %
Norva 24* 33,80 -0,59 %
Sparebanken Møre 81,50 -0,61 %
Statt Torsk 1,49 -1,31 %
Havila Shipping 19,50 -1,32 %
Hav Group 9,79 -1,51 %
Eqva (tidlegare Havyard Group) 2,750 -1,79 %
Hofseth Biocare 2,70 -6,25 %
Hexagon Purus 27,50 -7,35 %
*Svenske kroner

Publisert: 07.02.2023 08:53

Sist oppdatert: 07.02.2023 22:39

Mer om