Roger Hofseth foto Ogne
BØRSVINNAR: Storeigar Roger Hofseth kan gle seg over god avslutning på dagen for Hofseth Biocare-aksjen. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Hofseth med dagens gladmelding

Hydrogenselskap i botn – igjen.

Marius Rosbach
06.02.2024

Sjå børstabell for Nordvestlandet under

Hofseth Biocare kom med dagens gladmelding av dei børsnoterte selskapa frå Nordvestlandet. Kort tid før børsen stengde melde selskapet at dei hadde gjort fullført sin første studie i arbeidet med å utvikle eit legemiddel til bruk i behandling av prostatakreft.

Resultata var vellukka og tyder på at produkta frå Hofseth Biocare, gjorde at kreftsvulstane veks tregare, ifølgje børsmeldinga.

Det gjorde at aksjen fekk ei pangavslutning på dagen og slutta på 2,55 kroner. Det var opp 12,33 prosent og selskapet vart dagens børsvinnar frå regionen.

Hofseth Biocare satsar både på legemiddelutvikling og lagar produkt til helsekost- og kjæledyrmarknaden.

Berre Havila Shipping hadde ein dårlegare utvikling enn Hexagon Purus av dei børsnoterte selskapa frå Nordvestlandet tysdag.

Purus-aksjen held fram med stå kurs nedover, trass i anbefalingane frå analytikarane. Sluttkursen på 7,40 kroner aksjen er ny botnnotering.

Hexagon Purus lager tanker og system for bruk av hydrogen som energibærer. Selskapet ble skilt ut fra Hexagon Compositets i 2020 og børsnotert.

Børstabell for Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Hofseth Biocare kr 2,55 12,33 %
Golden Energy Offshore Services kr 1,48 2,64 %
Arctic Bioscience kr 10,35 2,48 %
Hav Group kr 11,50 1,77 %
Atlantic Sapphire kr 1,70 1,55 %
Norva 24 Group* 27,35 kr 0,92 %
Endúr kr 40,10 0,25 %
Sparebanken Møre kr 87,00 0,00 %
Statt Torsk kr 0,53 0,00 %
Salmon Evolution kr 7,20 -0,28 %
Havila Kystruten kr 0,72
Hexagon Composites kr 23,60
Havila Shipping kr 4,90
Hexagon Purus kr 7,40
* Kurs i SEK

Publisert: 06.02.2024 16:46

Sist oppdatert: 06.02.2024 16:51

Mer om