Trond Lars Nydal Sparebanken Møre foto Ogne
ÅRSREKORD: Banksjef Trond Nydal i Sparebanken Møre kan konstatere at eigenkapitalbevisa ikkje har vore meir verdt sidan april 2022. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Høgste kurs sidan april 2022

Opptur for eigarane av eigenkapitalbevisa i Sparebanken Møre.

06.03.2024

Sjå børstabell for Nordvestlandet under saka

Kursen på eigenkapitalbevisa i Sparebanken Møre har stige nesten fem prosent i år.

Ved 14-tida onsdag var kursen opp 1,15 prosent samanlikna med dagen før - til 88,10 kroner. Mot slutten av dagen fall kursen litt tilbake og slutta på 88,05 kroner.

Dermed passerte kursen den høgste kursen banken hadde i 2023 (87,80 kroner, 6. mars i fjor, journ. anm.).

Førre gang kursen var like høg som i dag, var i april 2022.

Eigarane av eigenkapitalbevisa i i Sparebanken Møre hadde ein nesten ubroten opptur frå 60 kroner per eigenkapitalbevis i mars 2021, til 97,20 kroner i slutten av januar 2022. Det gjorde banken til ein av børsvinnarane på Nordvestlandet i 2021.

Deretter fall kursen til under 70 kroner i september 2022, før den steig til mars 2023, og deretter fall til under 75 kroner i november i fjor. Etterpå starta ein ny opptur.

Onsdag ettermiddag opplyste også banken om ei velukka utskriving av eit nytt evigvarande fondsobligasjonslån på 350 millionar kroner, i ei børsmelding.

Børstabell for Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Arctic Bioscience kr 10,15 4,64 %
Sparebanken Møre kr 88,05 1,09 %
Hexagon Composites kr 19,63 0,67 %
Havila Kystruten kr 0,71 0,28 %
Atlantic Sapphire kr 1,09 0,18 %
Salmon Evolution kr 6,21 0,16 %
Havila Shipping kr 3,80 0,13 %
Endúr kr 41,00 0,00 %
Statt Torsk kr 0,53 0,00 %
Golden Energy Offshore Services kr 1,51 -0,53 %
Romsdal Sparebankkr 119-0,83
Hofseth Biocare kr 2,27 -1,30 %
Hav Group kr 11,35 -1,73 %
Hexagon Purus kr 6,19 -3,13 %
Norva 24 Group* 25,35 kr -3,80 %
* Kurs i SEK

Publisert: 06.03.2024 14:44

Sist oppdatert: 06.03.2024 17:12

Mer om