Hofseth Biocare Midsundfoto Ogne
NY FABRIKK: Hofseth Biocare vil bygge ny fabrikk ved Berkåk, mellom anna for å sikre fleire kundar nordfra. Her frå anlegget i Midsund. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Liten opptur av fabrikksatsing

At Hofseth Biocare vil tredoble kapasiteten gjorde ikkje stort inntrykk på investorane.

Marius Rosbach
05.12.2024

Sjå børstabell for Nordvestlandet under

Torsdag melde Hofseth Biocare at dei vil bygge ein ny fabrikk på Berkåk i Trøndelag. 

Det er snakk om ei betydeleg investering som vil tredoble kapasiteten samanlikna med i dag, og auke talet på tilsette frå 8 til 40. 

Kort tid før børsen stenger fredag stod Hofseth Biocare-kursen like fullt på 1,29 kroner, det same som onsdagens sluttkurs. 

Den siste fekk aksjen ein liten opptur og slutta på 1,315 kroner - opp 1,94 prosent frå dagen før. 

Kursen er likevel om lag det halve av verdien ved inngangen på året for bioteknologiselskapet. 

Årsaka til at investorane ikkje tok bølgja for fabrikknyheita var kanskje den påfølgande opplysinga i børsmeldinga, om at selskapet førebels jobbar med å få på plass den naudsynte finansieringa av investeringa gjennom banklån og leasingavtaler. 

Hofseth Biocare foredlar avskjer og restråstoff frå laks til ingrediensar for helsekost og kjæledyrfôr. Selskapet utviklar også produkt som kan bli til legemiddel.

Selskapet har dag fabrikk på Midsund, og siste kvartalsrapport viste auke i inntektene – og underskotet

Eit nytt hydrolyseanlegg ved Berkåk vil gjere det lettare å rekruttere råstoffleverandørar nord for Møre og Romsdal.

Anlegget har dessutan god plass og ei gunstig plassering langs E6, ifølgje Hofseth Biocare-sjef Jon Olav Ødegård. 

Hexagon Purus og Hexagon Composites gjorde det best av dei børsnoterte selskapa frå regionen fredag. 

Hovudindeksen på Oslo børs sank med 0,2 prosent til 1469,99 poeng. 

Børstabell for Nordvestlandet:

SelskapKurs i kroner%-endring i dag
Hexagon Puruskr                   5,67 4,61 %
Hexagon Compositeskr                46,55 3,79 %
Golden Energy Offshore Serviceskr                18,00 3,75 %
Norva 24 Group*29,25 kr  1,39 %
Sparebanken Mørekr                92,23 1,21 %
Hofseth Biocarekr                   1,30 0,78 %
Romsdal Sparebankkr              123,98 0,47 %
Hav Groupkr                   6,34 0,32 %
Endúrkr                64,50 -0,31 %
Havila Shippingkr                   2,33 -0,85 %
Havila Kystrutenkr                   0,80 -1,23 %
Atlantic Sapphirekr                   0,09 -2,11 %
Salmon Evolutionkr                   6,59 -2,80 %
Arctic Biosciencekr                   2,00 -2,91 %
* Kurs i SEK  
   

Publisert: 05.12.2024 16:11

Sist oppdatert: 05.12.2024 16:52

Mer om