Børsdagen: Jojo-dag for Havila Kystruten
Først opp, deretter langt ned, og så litt opp igjen.
Havila Kystruten var inne på både vinnar- og taparlista på Oslo Børs måndag, der aksjekursen fekk store utslag med relativt små handlar.
På det høgste vart aksjen handla til 19,95 kroner, på det lavaste på 17,05 kroner, men slutta til slutt på 19,00 kroner. Dette prisar heile selskapet til 911 millionar kroner.
Det er stor spenning knytt til utfallet av rettssaka mellom Havila Kystruten og det spanske verftet Barreras i Vigo, etter kansellering av bygging av to skip for Havila Kystruten i 2019. Totalt står striden om 450 millionar kroner.
Oljeprisstup
Oslo Børs enda ned 0,63 prosent måndag etter at oljeprisen stupte på tampen av børsdagen. Bakgrunnen er blant anna at Saudi-Arabia og andre OPEC-produsentar opnar opp for å auke oljeproduksjonen.
Ved børsslutt vart eit fat nordsjøolje handla til 82,95 dollar fatet, ein nedgang på 7,81 prosent sidan fredag.
Hopp for lakseprisen
Andre vegen går lakseprisen. iLaks melder om stigande prisar fram til jul. Av lakseselskapa frå nordvest gjekk likevel Atlantic Sapphire ned 0,29 prosent til 6,95 kroner, medan Salmon Evolution steig 0,60 prosent til 8,35 kroner.
Salmon Evolution hadde elles ekstraordinær generalforsamling fredag der tidlegare toppsjef Håkon André Berg vart vald inn i styret. I tillegg til Berg består styret av styreleiar Tore Tønseth, Glen Allan Bradley, Peder Stette, Anne Breiby, Eunhong Min, Janne Grethe Strand Aasnæs og Ingvild Vartdal.
Børsdagen i nordvest | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
Havila Kystruten | 19 | 3,54 % |
Norva24 Group* | 32,31 | 3,44 % |
Hofseth Biocare | 2,88 | 2,86 % |
Havila Shipping | 14 | 1,74 % |
Golden Energy Offshore Services | 1,9 | 1,60 % |
Arctic Bioscience | 14,55 | 1,36 % |
Hexagon Purus | 22,5 | 1,17 % |
Salmon Evolution | 8,35 | 0,60 % |
Statt Torsk | 2,04 | 0,49 % |
Sparebanken Møre | 77,9 | 0,15 % |
Atlantic Sapphire | 6,95 | -0,29 % |
Hav Group | 10,42 | -1,14 % |
Endúr | 32,95 | -1,23 % |
Eqva | 3,18 | -1,55 % |
Hexagon Composites | 26,82 | -2,40 % |
Nortel | 21 | -2,78 % |
* I svenske kroner. Selskapet er registrert på Stockholms-børsen |
Publisert: 21.11.2022 16:42
Sist oppdatert: 21.11.2022 17:03