Børsdagen: Jubeldag for shipping
Havila-reiarlag dagens vinnar med bestenotering for året.
SISTE: Salmon Evolution hentar meir pengar
Havila Shipping
var tysdagens vinnar på Oslo børs med ein oppgang på 31,45 prosent. Ein
pris per aksje på 6,52 kroner er ny bestenotering i år for reiarlaget
frå Herøy.
Bortsett frå ein kortvarig opptur for aksjen i fjor, er dagens sluttkurs den høgste for Sævik-selskapet sidan 2018.
Havila Kystruten hadde også ein god dag på børsen tysdag, med ein oppgang på 6,02 prosent.
Ventar nye Russland-sanksjonar
Høg oljepris er drivaren bak oppgangen i Havila Shipping. Samtidig har Havila-selskapet stege langt mindre enn andre oljeservicereiarlaget har gjort dei siste vekene.
Eit fat nordsjøolje haldt seg høgt tysdag, med ein pris på 108 dollar ved børsslutt i Oslo. Bakgrunnen er forventningar til nye sanksjonar mot Russland frå USA og EU som følgje av påståtte krigsforbrytelsar mot sivile i Ukraina.
Sjeføkonom Inge Furre i Sparebanken Møre skreiv tysdag at USA vil hindre russiske bankar i å betale dollargjeld gjennom amerikanske bankar. Det gjer at oljemarknaden strammar seg til.
Samtidig har den norske krona styrka seg og blir no handla for kring 9,50 mot euro.
Nedtur for Smartcraft
Smartcraft utmerka seg på taparlista mellom selskapa frå Nordvestlandet tysdag, med ein nedgang på 4,16 prosent.
Kursfallet for programvareselskapet som har spesialisert seg for handverksbransjen, har vore på meir enn 18 prosent.
Kapitalinnhenting
Etter børsslutt kom det melding om at Salmon Evolution hentar inn meir pengar.
Selskapet håpar å hente inn 250 til 300 millionar kroner ved å skrive ut nye aksjar i selskapet. «Bookbuilding»-prosessen starta 16.30 og blir avslutta seinast onsdag klokka 08.
Eksisterande aksjonærar som Ronja Ronja Capital II, Farvatn Private Equity, Rofisk, Stette Invest og Kjølås Stansekniver har allereie forplikta seg til å kjøpe aksjar for kring 37 millionar kroner.
Pengane skal selskapet bruke til å bygge steg to av tre ved anlegget på Indre Harøy. Salmon Evolution fekk nyleg smolt i kara ved det som er eitt av Europas største oppdrettsanlegg for laks på land.
Publisert: 05.04.2022 16:41
Sist oppdatert: 05.04.2022 17:34