Sparebanken More hovedkontor Alesund foto Losen Studio 859d8f71e51cdcc79197ecd3648d156c
ÅLESUND: Sparebanken Møre med hovudkontor i Ålesund var mellom fleire bankar som varsla rentekutt torsdag. Foto: Losen Studio
Nytt

Børsdagen: Kjapt rentekutt frå regionbankar

Fleire bankar følgde sentralbanken i løpet av få timar.

Marius Rosbach
19.06.2025

Sparebanken Møre, Sparebank 1 SMN og Sparebank 1 Sogn og Fjordane var mellom dei som torsdag varsla rentekutt, etter at Norge Bank overraskande sette ned styringsrenta tidlegare på dagen. 

Alle tre bankane varsla rentekutt på 0,25 prosentpoeng for lån og innskot. 

Medan Sparebank 1 Sogn og Fjordane reduserer renta allereie frå 25. juni for nye kundar, må bankane sine eksisterande kundar vente til 25. august før endringane trår i kraft. Bakgrunnen er at dei har ein varslingsfrist på åtte veker. 

Også fleire bankar har varsla rentekutt i kjølvatnet av Noregs Banks uventa kutt i styringsrenta frå 4,5 til 4,25 prosent torsdag. 

Det skjedde ikkje dei store endringane for dei børsnoterte selskapa frå Nordvestlandet i løpet av handelen torsdag. Arctic Bioscience gjekk mest opp, medan Hofseth Biocare gjekk mest ned av aksjane frå regionen (sjå børstabell under). 

Hovudindeksen på Oslo børs hadde ein ny dag i pluss og slutta på 1645,14 poeng etter ein oppgang på 0,46 prosent. 

SelskapKurs i kroner%-endring i dag
Arctic Biosciencekr                   3,20 5,96 %
Atlantic Sapphirekr                   9,15 2,76 %
Endúrkr                90,30 -1,20 %
Golden Energy Offshore Serviceskr                19,65 1,29 %
Hav Groupkr                   7,18 2,28 %
Havila Kystrutenkr                   1,30 -0,38 %
Havila Shippingkr                   1,35 1,13 %
Hexagon Compositeskr                16,20 1,25 %
Hexagon Puruskr                   1,73 0,93 %
Hofseth Biocarekr                   1,80 -5,01 %
Norva 24 Group*36,00 kr  0,00 %
Tinde Sparebankkr              128,00 0,00 %
Salmon Evolutionkr                   6,07 0,66 %
Sparebanken Mørekr              101,46 -0,16 %
* Kurs i SEK  
   

Publisert: 19.06.2025 17:13

Sist oppdatert: 19.06.2025 17:13

Mer om