Morten Holum foto Oslo Børs skjermdump
OPPRYKK: Hexagon Purus-sjef Morten Holum markerer børsnotering av Hexagon Purus i desember 2020, på marknadsplassen Euronext Growth. No skal selskapet på hiovudlista,
Nytt

Børsdagen: Klarsignal for Hexagon Purus

Blir notert på hovudlista på Oslo Børs.

27.03.2023

Oslo Børs har vedteke å overføre Hexagon Purus frå marknadsplassen til hovudlista. Overføringa skal skje seinast 23. juni i år, skriv selskapet i ei børsmelding.

Ei notering på hovudlista stiller større krav til selskapa enn om dei er notert på marknadsplassen Euronext Growth, mellom anna når det gjeld tal på aksjonærar.

Gevinsten med å flytte til hovudlista er gjerne større interesse og dermed også meir handel i aksjen, som i sin tur kan gjere det lettare å hente inn pengar gjennom nye kapitalutvidingar i framtida.

I starten av mars i år henta Hexagon Purus inn 500 millionar kroner i ny eigenkapital og 800 millionar i eit konvertibelt obligasjonslån. Eit konvertibelt obligasjonslån kan gjerast om til aksjar, som ein del av førebuingane til å bli overført til hovudlista.

Ved børsslutt i dag var Hexagon Purus-kursen 25,26 kroner, opp 1,53 prosent frå børsslutt fredag.

Artikkelen er oppdatert, mellom anna etter børsslutt i dag med dagens børskursar og kursutvikling for selskap frå Nordvestlandet.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Havila Shipping 14,24 3,19 %
Nortel 30,20 2,72 %
Atlantic Sapphire 5,64 2,45 %
Eqva (tidlegare Havyard Group) 3,10 2,31 %
Hexagon Composites 33,94 2,04 %
Hexagon Purus 25,26 1,53 %
Arctic Bioscience 10,45 1,46 %
Salmon Evolution 7,82 0,51 %
Endúr 42,48 0,19 %
Hav Group 10,60 -0,38 %
Sparebanken Møre 79,00 -1,13 %
Statt Torsk 1,14 -2,15 %
Norva 24* 28,00 -2,57 %
Havila Kystruten 9,04 -2,59 %
Golden Energy Offshore Services 1,07 -2,74 %
Hofseth Biocare 2,79 -6,69 %
*Svenske kroner

Publisert: 27.03.2023 12:47

Sist oppdatert: 27.03.2023 16:40

Mer om