Roger Hofseth foto Ogne
VANN PRIS: Roger Hofseth er største aksjonær i Hofseth Biocare som lagar produkt av avskjær og restråstoff frå lakseproduksjon. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Kortvarig opptur for Hofseth

Kursen skaut i veret, før den sank. Sjekk børstabell for Nordvestlandet.

Marius Rosbach
16.07.2025

Hofseth Biocare-aksjen skaut i veret frå starten av handelen på Oslo børs onsdag. 

Etter ein oppgang frå 1,77 kroner til 2,53 kroner på føremiddagen, fall kursen tilbake. Ein sluttspurt mot slutten av dagen gjorde at kursen enda på 2,01 kroner aksjen. 

Tidleg onsdag melde Hofseth Biocare at dei hadde vunne ein pris i ei amerikansk kåring. Lakseproteinet ProGo har ifølgje dommarane har unike eigenskapar som bidreg til å betre aktivitetsnivået og vektprofilen hos brukarane. 

Hovudindeksen på Oslo børs fall med 0,93 prosent til 1609,63 poeng. 

Børstabell for Nordvestlandet: 

SelskapKurs i kroner%-endring i dag
Arctic Biosciencekr                   3,68 0,27 %
Atlantic Sapphirekr                10,25 -1,40 %
Endúrkr                89,40 1,59 %
Golden Energy Offshore Serviceskr                18,95 0,00 %
Hav Groupkr                   7,20 0,84 %
Havila Kystrutenkr                   1,35 5,88 %
Havila Shippingkr                   1,33 0,76 %
Hexagon Compositeskr                17,82 -4,40 %
Hexagon Puruskr                   2,48 -9,82 %
Hofseth Biocarekr                   2,01 13,56 %
Tinde Sparebankkr              122,02 -2,38 %
Salmon Evolutionkr                   6,15 -0,81 %
Sparebanken Mørekr              108,50 -0,51 %
   

Publisert: 16.07.2025 17:25

Sist oppdatert: 16.07.2025 17:25

Mer om