Oslo børs
FALL: Hovudindeksen på Oslo Børs fall 2,04 prosent i dag. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Kraftig fall på Oslo Børs

Equinor la fram 2023-tal og fall over sju prosent i dag. Det dreg ned heile børsen.

07.02.2024

Equinor er ein gigant på børsen, og når aksjen fell så som i dag (minus 7,76 prosent) er det uunngåeleg at Equinor dreg heile børsen nedover.

Equinor er først og fremst eit oljeselskap, men satsar og på fornybar kraftproduksjon. Det bekymrar investorane, meiner Dagens Næringslivs børskommentator om dagens kursfall:

"Frykten er at Equinor-ledelsen skal søle bort pengene på fornybarinvesteringer med nær null i avkastning.", skriv avisa.

Helsekost- og legemiddelselskapet Arctic Bioscience fall mest av dei børsnoterte selskapa på Nordvestlandet i dag (sjå tabell under), med offshorereiarlaget Havila Shipping på nest siste plass.

Havila Shipping-kursen har falle 13,91 prosent sidan årsskiftet og 76,52 prosent samanlikna med for 12 månadar sidan. Frå starten av 2022 steig kursen frå 4,45 kroner aksjen til 22,75 kroner i juni 2022. I slutten av september same år var kursen nede i 8,01 kroner aksjen før det kom ein ny oppgang, til 21,20 kroner aksjen i januar i fjor. Etter det har tendensen vore negativ for aksjonærane.

Dagens kurs, 4,64 kroner aksjen, verdset selskapet til 110 millionar kroner.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Atlantic Sapphire 1,78 4,34 %
Norva 24 Group* 27,85 1,83 %
Endúr 40,60 1,25 %
Havila Kystruten 0,73 1,11 %
Hexagon Composites 23,64 0,17 %
Hexagon Purus 7,40 0,00 %
Hofseth Biocare 2,55 0,00 %
Salmon Evolution 7,16 -0,56 %
Sparebanken Møre 85,64 -1,56 %
Golden Energy Offshore Services 1,43 -2,98 %
Eqva (tidl. Havyard Group) 3,08 -3,75 %
Hav Group 10,90 -5,22 %
Havila Shipping 4,64 -5,31 %
Arctic Bioscience 9,66 -6,67 %
* Kurs i SEK

Publisert: 07.02.2024 16:58

Sist oppdatert: 07.02.2024 17:05