Børsdagen: Kraftig opptur
Aksjekursen i Arctic Bioscience opp 20 prosent og Havyard opp 11,97 prosent.
Det gir selskapa frå Nordvestlandet høvesvis første og andreplass på rangeringa av vinnarane på Oslo Børs måndag.
Hovudindeksen steig 2,53 prosent, og berre tre av dei børsnoterte selskapa på Nordvestlandet hadde kursnedgang i dag (sjå tabell)
Arctic Bioscience skriv i ei børsmelding at selskapet planlegg å sende søknad om å få starte ein såkalle fase tre-studiet av sitt silderognbaserte middel mot hudsjukdomen psoriasis. Programmet er ein større medisinsk test der forsøkpersonane bur i fem ulike land og er eit viktig steg på vegen mot ei eventuell legemiddelgodkjenning av middelet.
Havyard si siste børsmelding kom torsdag 29. september. Der fortalde selskapet at det skal kjøpe tilbake inntil 7,2 millionar eigne aksjar - cirka 10 prosent av alle aksjane i selskapet. Det betyr at dei attverande aksjonærane får ein relativ større eigarandel.
Salmon Evolution er opp 6,16 prosent. Selskapet melde i dag at det gjennomsnittsvekta til det første utsettet av fisk i selskapet no er på 3,3 kilo. Det er etter planen, ifølgje selskapet. Fisken vart sett ut tidlegare i år og skal slaktast i fjerde kvartal.
Det andre utsettet av fisk vart gjort i juli. Der er gjennomsnittsvekta anslått til 710 gram. Neste utsett av fisk er i oktober/november.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Arctic Bioscience | 13,50 | 20,00 % |
Havyard Group | 3,70 | 11,97 % |
Salmon Evolution | 8,45 | 6,16 % |
Statt Torsk | 2,18 | 5,31 % |
Havila Shipping | 8,30 | 3,62 % |
Hexagon Composites | 24,20 | 1,51 % |
Endúr | 24,61 | 1,40 % |
Golden Energy Offshore Services | 2,00 | 1,01 % |
Atlantic Sapphire | 11,14 | 0,91 % |
Norva 24* | 32,06 | 0,72 % |
Nortel | 19,30 | 0,52 % |
Sparebanken Møre | 70,00 | 0,00 % |
Havila Kystruten | 17,85 | 0,00 % |
Hexagon Purus | 19,92 | -0,60 % |
Hofseth Biocare | 3,15 | -1,56 % |
Hav Group | 9,80 | -2,00 % |
*Svenske kroner |
Publisert: 03.10.2022 16:59
Sist oppdatert: 04.10.2022 01:22