Oslo børs 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
Hovudindeksen på Oslo Børs steig 0,27 prosent i dag. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Kraftverksal ga kurshopp.

Eqva Group dagens børsvinnar i nordvest.

23.12.2022

Eqva (tidlegare Havyard ) skal bygge eit vasskraftverk i Telemark for ein britiske infrastrukturinvestor.

Det er Eqva sitt datterselskap Fossberg Kraft som har inngått kontrakten. Kraftverket skal vere ferdig seinast tidleg i 2024 og få ein produksjonskapasitet 5,6 GWh per år.

Fossberg Kraft skal også drive kraftverket etter at det er ferdig.

Verdien av prosjektet er på cirka 45 millionar kroner, skriv Eqva i ei børsmelding.

Aksjekursen i Eqva steig 7,10 prosent i dag samanlikna med sluttkurs i går.

I motsett enda av skalaen (sjå tabell) er Havila Kystruten og Endúr.

Havila Kystruten fall for andre dag etter kapitalutvidinga tidlegare i veka. Den kapitalutvidinga henta inn 300 millionar kroner til selskapet og vart gjort til kurs 12 kroner aksjen. Dagens sluttkurs blei 11 kroner.

Endúr-aksjen var for 10 dagar sidan på sitt høgaste nivå for året - 35,08 kroner aksjen - men har falle tilbake sidan og fall i dag til 31,65 kroner aksjen.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Eqva (tidlegare Havyard Group) 2,94 7,10 %
Havila Shipping 11,80 2,08 %
Sparebanken Møre 77,50 1,31 %
Salmon Evolution 8,29 1,10 %
Hav Group 8,69 1,05 %
Atlantic Sapphire 7,61 0,66 %
Arctic Bioscience 12,95 0,00 %
Statt Torsk 1,70 -0,29 %
Hexagon Composites 28,46 -0,56 %
Golden Energy Offshore Services 1,33 -0,75 %
Hexagon Purus 22,50 -1,75 %
Hofseth Biocare 2,67 -2,20 %
Nortel 20,00 -2,91 %
Norva 24* 32,46 -3,10 %
Havila Kystruten 11,00 -3,51 %
Endúr 31,80 -3,65 %
*Svenske kroner

Publisert: 23.12.2022 17:00

Sist oppdatert: 23.12.2022 17:01