Oslo børs
OPP: Hovedindeksen på Oslo Børs steg 1,13 prosent i dag. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Kurshopp etter avtale

Hofseth Biocare-aksjen opp over 11 prosent ved børsopning. Så fall den.

20.11.2025

Hofseth Biocare i Ålesund har inngått «ein strategisk avtale» med helsekostselskapet Metabolic Elite i USA, fortel Hofseth Biocare i ei børsmelding. Selskapet markedsførerer og sel helsekostprodukt og nettbasert rådgiving retta mot folk som trenar. 

Børsmeldinga talfestar ikkje forventa inntekter frå avtalen.

Planen er å utvikle ein produktserie basert på produkt frå Hofseth Biocare, som vidareforedlar avskjer og restråstoff frå lakseslakteri.

Børsmeldinga vart sendt ut før handelen starta på Oslo Børs torsdag. 

Då børsen stengte onsdag ettermiddag var Hofseth Biocare verdsett til 1,70 kroner aksjen. Det er same kurs som aksjen hadde 30. desember i fjor. Då handelen opna i dag, spratt kursen opp til 1,98 kroner aksjen.

Etter en drøy time var kursen imidlertid nede i 1,71 kroner aksjen og ved dagens slutt var kursen på same nivå som den starta, 1,70 kroner aksjen. I februar i år var kursen oppe i 3,12 kroner aksjen.

Hovedindeksen på Oslo børs fikk en opptur på 1,13 prosent i løpet av dagen til 1601,78 poeng. 

Børstabell for Nordvestlandet:

SelskapKurs i kroner%-endring i dag
Arctic Biosciencekr                   3,50 6,06 %
Atlantic Sapphirekr                   7,35 -6,95 %
Endúrkr                83,80 0,96 %
Golden Energy Offshore Serviceskr                17,60 3,83 %
Hav Groupkr                   6,78 5,61 %
Havila Kystrutenkr                62,36 -0,06 %
Havila Shippingkr                   1,20 -3,61 %
Hexagon Compositeskr                   6,70 -3,74 %
Hexagon Puruskr                   1,81 -0,66 %
Hofseth Biocarekr                   1,70 0,00 %
Tinde Sparebankkr              118,00 -0,42 %
Salmon Evolutionkr                   4,97 1,74 %
Sparebanken Mørekr              100,82 -1,47 %
   

Publisert: 20.11.2025 09:54

Sist oppdatert: 20.11.2025 16:50

Mer om