Bent Martini foto marius
POSITIVE TAL: Havila Kystruten-sjef Bent Martini skal presentere 3. kvartala for investorar i morgon formiddag, men tala er venta seinare i dag. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Børsdagen: Kurshopp før kvartalstal

Havila Kystruten leverte høgare inntekter og nytt plussresultat i 3. kvartal.

27.11.2024

Aksjekursen til Havila Kystruten steig med 9,22 prosent i dag, og gjorde selskapet til det av dei børsnoterte selskapa på Nordvestlandet som steig mest i kurs onsdag.

Kursoppgangen signaliserte forventingar til 3. kvartalstala, som styret i selskapet behandla onsdag, men som ikkje vart offentleggjorde før børsen stengte for dagen.

Havila Kystruten trafikkerer gods- og passasjerruta mellom Bergen og Kirkenes med fire fartøy.

I andre kvartal i år gjekk selskapet med pluss før av- og nedskrivingar (ebitda) for første gang. 

Artikkelen er oppdatert etter at Havila Kystruten-tala for 3. kvartal var klare.

Les børsmelding her 

I 3. kvartal var også driftsresultatet (ebit) positivt, og stort nok til å sikre eit overskot frå drifta også i årets i første månadar (sjå tabell).

Det er kombinasjonen av fleire reisande som betalar meir som er årsaka til veksten i inntekt og lønsemd: "Inntektsveksten drives av økt beleggsprosent, som steg til 78 % i tredje kvartal fra 70 % i samme periode i fjor, kombinert med høyere gjennomsnittlig lugarinntekt, som steg fra NOK 4 000 til NOK 5 200.", skriv selskapet i kvartalsrapporten.

Havila Kystruten   
Pr. 3. kvartal. I mill. kroner20242023
Driftsinntekt1126,3514,8
Driftsresultat10,7-229,8
Resultat før skatt-647,3-612,7
   
Havila Kystruten   
3. kvartal. I mill. kroner20242023
Driftsinntekt464,1226,1
Driftsresultat72,2-71,0
Resultat før skatt-189,5-297,1

I motsett ende av skalaen på børsen onsdag var Hav Group, som fall til 6,50 kroner aksjen. Det er ny botnnotering for selskapet.

Selskapa har til felles at begge har Havila Holding som største aksjonær, med høvesvis 25 prosent eigarandel i Hav Group og 50,96 prosent i Havila Kystruten.

Havila Holding er også aksjonær i Bakkar og Berg Media, som gir ut Nett No.

Børsdagen  
   
SelskapKurs i kroner%-Endring i dag
Havila Kystruten0,64 9,22 %
Norva 24 Group*28,655,52 %
Hexagon Purus5,53 4,93 %
Atlantic Sapphire0,08 2,63 %
Havila Shipping2,53 1,20 %
Salmon Evolution6,63 0,76 %
Sparebanken Møre92,60 0,65 %
Endúr63,20 0,32 %
Hexagon Composites42,90 0,23 %
Arctic Bioscience1,95 0,00 %
Hofseth Biocare1,31 -0,76 %
Romsdal Sparebank121,00 -2,39 %
Golden Energy Offshore Services16,10 -6,40 %
Hav Group6,50 -7,67 %
* Kurs i SEK  

Publisert: 27.11.2024 17:07

Sist oppdatert: 27.11.2024 23:26

Mer om