Christer Valderhaug Converto foto Ogne
LØFT: Christer Valderhaug er administrerande direktør i Arctic Bioscience, som hgar eit rekkje investorar for Nordvestlandet blant dei største aksjonærane. Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Kurshopp og -nedgang på Kina-avtale

Arctic Bioscience-kursen opp over 11 prosent i dag, før det snudde.

21.01.2025

Meldinga om eit tettare samarbeid mellom Arctic Bioscience og selskapet som står for distribusjonen av selskapet sine helsekostprodukt i Kina gav Arctic Bioscience eit kraftig løft då den kom.

Les børsmelding her

Før melding kom klokka 11:25 vart aksjen handla til kurs 2,80 kroner. Klokka 12: 51 var den 3,78 kroner. Den kursoppgangen kan truleg forklarast med forventingar til av avtalen skal auke inntektene for selskapet sine helsekostprodukt i Kina, og etterkvart i andre land i Søraust-Asia. 

Dessverre for Arctic Bioscience-aksjonærane snudde stemninga og kursen fall fram mot børsen stengte dørene i ettermiddag. Ved børsslutt var kursen 3,20 kroner aksjen, ned 5,88 prosent samanlikna med i går. 

Avtalen går ut på at Arctic Bioscience og Kotler Investment etablerer eit 50/50-eigd selskap (joint venture) som skal eige rettane til Arctic Bioscience sine heleskostprodukt i Kina og Søraust-Asia og også rettane til vidareutviklign av produktat som blir gjort i Asia.

Det felles eigde selskapet skal i sin tur vere medeigar i Kotler Investment sitt selskap som i dag er Arctic Bioscence sin distributør i Kina. Distribusjonsselskapet kan og få andre med på eigarsida og reise kapital for å styrke arbeidet med å auke salet.

Arctic Bioscience talfestar i meldinga ikkje kor stort salet til Kina er i dag, men viser til at den totale marknaden for omega 3-baserte kosttilskot i Kina er på ein milliard dollar. 

-Å etablere eit joint venture med Kotler for å skalere den kinesiske marknaden ytterlegare og gå ytterlegare inn på søraust-asiatiske marknaden er eit naturrleg neste steg i styrkinga av vårt partnarskap med Kotler Marketing Group, seier administrerande direktør Christer Valderhaug i børsmeldinga.

Arctic Bioscience i Hovdebygda byrja som ein helsekosttprodusent, basert på silderogn. Selskapet arbeider og for å få legemiddelgodkjenning av eit middelt mot hudsjukdomen psoriasis. Også det middelet er basert på silderogn. Dei første resultata av ein stor internasjonale medisinsk studie var nedslåande for selskapet og aksjonærarane, fordi også forsøkpersonane som fekk eit narremiddel også fekk positive resultat. Dermed kan det ikkej slåast fast at middelet er årsaka til betring hos forsøkpersonane. Då resultata kom i fjor hust fall kursen frp 13 til 2,90 kroner aksjen på ein dag. 

Den medisinske studien varer eitt heilt år og endlege resultat blir offentleggjort i slutten av første kvartal i år. Då vonar selskapet at funna vil gi ei stadfesting av at middelet virkar, og at den såkalla placeboeffekten er luka ut. 

Artikkelen er oppdatert, mellom anna med aksjekursar for børsnoterte selskap på Nordvestlandet, etter at børsen stengte i ettermiddag. 

Børsdagen  
   
SelskapKurs i kroner%-Endring i dag
   
Romsdal Sparebank125,80 2,09 %
Golden Energy Offshore Services19,85 1,79 %
Hav Group6,32 1,61 %
Havila Kystruten0,87 1,29 %
Endúr69,20 0,73 %
Norva 24 Group*25,250,60 %
Sparebanken Møre95,50 0,20 %
Havila Shipping1,58 -0,50 %
Hexagon Composites42,30 -0,70 %
Hofseth Biocare3,00 -0,99 %
Salmon Evolution6,54 -1,21 %
Hexagon Purus4,28 -3,17 %
Atlantic Sapphire0,08 -4,09 %
Arctic Bioscience3,20 -5,88 %
* Kurs i SEK  

Publisert: 21.01.2025 12:55

Sist oppdatert: 21.01.2025 16:52

Mer om