Jon Erik Engeset Hexagon Composites foto Ogne
AVTALE: Jon Erik Engeset er konsernsjef i Hexagon Composites. Ein rammeavtale med ein amerikansk kunde har gitt fleire oppdrag, og avtalen som er offentleggjort i dag er den største kontrakten som hittil er inngått i rammeavtalen.Foto: Ogne Øyehaug
Nytt

Børsdagen: Kurshopp på ny kontrakt

Hexagon Composites skal levere tankar og system for 553 millionar kroner.

10.08.2023

Aksjekursen i Hexagon Composites steig frå 26,74 til 28,60 kroner aksjen då børsen opna i dag tidleg.

Ved børskurs var kursen 28,10 kroner aksjen, opp 5,09 prosent sidan i går.

Før børsopning melde selskapet at det skal levere store mobile gasstankar for natur- og biogass for 54 millionar dollar, cirka 553 millionar kroner. Kunden er amerikanske Certarus, som har ein rammeavtale med Hexagon Composites sitt amerikanske datterselskap, Hexagon Agility.

Les børsmelding her

Store mobile gasstankar blir brukt til å forsyne industri og anlegg med gass som energikjelde, der gassforsyning frå rør ikkje er tilgjengleg.

Så langt i år har Hexagon Composites stige over 33 prosent. To gangar i år har kursen vore over 30 kroner, og i mellomtida nede i under 20 kroner. Årets toppnotering er 30,74 kroner, 1. august.

Hexagon Composites lagar tankar og system for bruk av natur- og biogass som energikjelde, frå små berebare gassbehaldarar til store mobile gasstankar.

Artikkelen er oppdatert etter børshandelen vard over for dagen, mellom anna med børskursar for børsnoterte selskap på Nordvestlandet.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Golden Energy Offshore Services 1,19 7,80 %
Hexagon Composites 28,10 5,09 %
Hofseth Biocare 3,09 4,04 %
Atlantic Sapphire 4,99 1,84 %
Endúr 39,90 0,00 %
Havila Kystruten 1,20 -0,41 %
Arctic Bioscience 9,68 -1,02 %
Havila Shipping 11,50 -1,03 %
Norva 24 Group* 25,20 -1,18 %
Sparebanken Møre 76,00 -1,29 %
Salmon Evolution 6,53 -1,66 %
Nortel 26,40 -2,22 %
Hav Group 10,00 -2,44 %
Hexagon Purus 18,38 -2,55 %
Eqva (tidl. Havyard Group) 2,82 -8,44 %
Statt Torsk 0,25 -10,71 %
* Kurs i SEK

Publisert: 10.08.2023 10:48

Sist oppdatert: 10.08.2023 17:02

Mer om