Marknaden fall heilt vekk 10d736c24b54623aee7c17f28e13399c
NY KONTRAKT: Havila Shipping har inngått ny kontrakt for Havila Borg (biletet) og Havila Herøy. Foto: Rune Paulsen
Nytt

Børsdagen: Kurshopp på nye kontraktar

Havila Shipping har fått leigd ut to plattformforsyningsskip. Det løfta kursen.

12.10.2022

Havila Shipping steig 13,56 prosent i dag, og storparten av kursauken kom etter at reiarlaget melde om nye leigeavtalar for plattformforsyningsskipa Havila Borg og Havila Herøy.

Kunden er nederlandske Peterson den Helder BV.

Havila Borg skal er leigd ut for seks månadar med opsjon på ytterlegare 12 månadar. Havila Borg har allereie starta på kontrakten.

Havila Herøy si kontrakt startar 18. oktober og er ei forlenging av ein eksisterande avtale. Havila Herøy er leigd ut for eit boreoppdrag som er rekna med å ta 90 dagar, med opsjon på ytterlegare 370 dagar.

Les børsmelding her

Rett før børsmeldinga vart sendt ut klokka 14:44:58 i dag vart Havila Shipping handla til 9,30 kroner aksjen. Då børsen stengte i ettermiddag var kursen 10,22 kroner aksjen, opp 13,56 prosent frå i går.

Børsdagen
Selskap Kurs i kroner %-Endring i dag
Havila Shipping 10,22 13,56 %
Golden Energy Offshore Services 1,88 8,05 %
Atlantic Sapphire 12,63 3,44 %
Norva 24* 32,26 2,69 %
Salmon Evolution 8,54 2,40 %
Hofseth Biocare 3,47 0,87 %
Havila Kystruten 18,20 0,00 %
Arctic Bioscience 14,00 0,00 %
Sparebanken Møre 69,20 -0,14 %
Endúr 27,00 -0,74 %
Hexagon Composites 22,08 -2,30 %
Statt Torsk 2,08 -3,26 %
Havyard Group 3,33 -3,76 %
Hav Group 9,60 -3,90 %
Hexagon Purus 17,82 -4,71 %
Nortel 18,00 -6,74 %
*Svenske kroner

Publisert: 12.10.2022 16:44

Sist oppdatert: 12.10.2022 16:58