Rett etter børsslutt i går melde Hexagon Composites at selskapet vil gi slepp på sin dominerande posisjon i Hexagon Purus. Det skal skje ved at Hexagon Composites deler ut ein del av sine aksjar i Hexagon Purus som ei form for utbytte til sine eigne aksjonærar.
Dermed blir Hexagon Composites-aksjonærane større direkte eigarar i Hexagon Purus, i staden for å vere eigarar gjennom Hexagon Composites.
I dag fall Hexagon Purus-kursen kraftig, medan Hexagon Composites-aksjane stig i verdi.
Hexagon Composites, med Knut Flakk som styreleiar og stor aksjonær, lagar tankar og system for bruk av natur- og biogass som energikjelde for alt frå hushaldningar og transportmiddel til industri og anlegg.
Hexagon Purus, som opphavleg var ein del av Hexagon Composites lagar tilsvarande tankar og system for bruk av hydrogen som energiberar.
At Hexagon Purus blei skilt ut og børsnotert var berre ei delvis skilsmisse frå Hexagon Composites. Hexagon Composites eig i dag 68,39 prosent i Hexagon Purus.
Det betyr mellom anna at potensielle investorar i Hexagon Purus veit at det er Hexagon Composites som bestemmer så godt som alt når det gjeld korleis Hexagon Purus skal utviklast og drivast, og om Hexagon Purus eventuelt skal seljast eller slåast saman med andre.
Det er ein faktor som vanlegvis trekkjer kursen ned.
På den andre sida betyr den store eigarandelen til Hexagon Composites at investorar i Hexagon Purus kan rekne med at Hexagon Composites vil stille opp med meir pengar om kassa i Hexagon Purus byrjar å gå tom.
Det er ein faktor som kan vere positiv for aksjekursen, fordi det reduserer risikoen for at selskapet skal gå overende. Den risikoreduksjonen er eit poeng fordi Hexagon Purus driv teknologiutvikling i ein marknad som førebels er i støypeskeia og der overskot ikkje venta med det første.
I dag er det ut som om Hexagon Purus-aksjonærane helst ville hatt tryggleiken med å ha ein stor eigar.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
Atlantic Sapphire | 7,15 | 8,01 % |
Norva 24* | 27,50 | 6,80 % |
Statt Torsk | 0,46 | 4,78 % |
Endúr | 41,50 | 3,75 % |
Havila Kystruten | 4,00 | 2,56 % |
Hav Group | 9,78 | 2,09 % |
Hexagon Composites | 28,26 | 1,15 % |
Havila Shipping | 14,26 | -0,14 % |
Sparebanken Møre | 75,10 | -1,52 % |
Nortel | 32,00 | -1,84 % |
Hofseth Biocare | 2,89 | -2,03 % |
Golden Energy Offshore Services | 1,12 | -2,28 % |
Salmon Evolution | 6,69 | -2,62 % |
Eqva (tidlegare Havyard Group) | 3,10 | -3,13 % |
Arctic Bioscience | 9,78 | -9,86 % |
Hexagon Purus | 22,15 | -9,96 % |
*Svenske kroner |
Publisert: 08.06.2023 17:00
Sist oppdatert: 14.06.2023 16:48