Bent Martini anløp Havila Pollux foto Marius Rosbach 111
BØRSVINNAR: Havila Kystruten-sjef Bent Martini kunne gle seg over børsutviklinga tysdag. Foto: Marius Rosbach
Nytt

Børsdagen: Kystruten vart dagens vinnar

Mest minus igjen for selskapa frå nordvest.

Marius Rosbach
25.06.2024

Det vart ein ny dag med mest minus for dei børsnoterte selskapa frå Nordvestlandet tysdag.

10 av 14 selskap frå regionen var på fallande kurs og verst gjekk det utover Hexagon Purus som fekk ein ny nedtur på nær seks prosent.

Sluttkursen på 7,41 kroner er betydeleg under nivået for berre få veker sidan på over 9 kroner aksjen.

Havila Kystruten vart dagens vinnar av selskapa frå regionen med ein oppgang på meir en seks prosent. Aksjen til reiarlaget har gått oppover sidan botnnivået på litt over 0,6 kroner aksjen i mars. Kursen har vore kring ei krone dei siste vekene og slutta tysdag på 0,98 kroner.

Hovudindeksen på Oslo børs fekk ein smell tysdag og fall 0,47 prosent i løpet av dagen til 1410,46 poeng.

Børstabell for Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Havila Kystruten kr 0,98 6,19 %
Endúr kr 54,00 0,37 %
Sparebanken Møre kr 82,93 0,16 %
Hav Group kr 10,95 0,00 %
Romsdal Sparebankkr 110,400,00 %
Norva 24 Group* 28,30 kr -0,35 %
Salmon Evolution kr 7,66 -0,39 %
Hofseth Biocare kr 2,02 -0,98 %
Golden Energy Offshore Services kr 28,20 -1,05 %
Hexagon Composites kr 28,20 -1,23 %
Atlantic Sapphire kr 8,77 -1,45 %
Havila Shipping kr 5,55 -2,46 %
Arctic Bioscience kr 9,45 -4,55 %
Hexagon Purus kr 7,41 -5,85 %
* Kurs i SEK

Publisert: 25.06.2024 17:32

Sist oppdatert: 25.06.2024 17:32