Atlantic Sapphire fisketank bluehouse foto Atlantic Sapphire 11
BØRSVINNAR: Atlantic Sapphire som driv landbasert lakseoppdrett i USA er onsdagens børsvinnar frå Nordvestlandet. Foto: Atlantic Sapphire
Nytt

Børsdagen: Laks på topp – torsk på botn

Ny botnrekord for hydrogenselskap.

Marius Rosbach
31.01.2024

Sjå børstabell for Nordvestlandet under

Både hovudindeksen og dei fleste selskapa frå Nordvestlandet, enda onsdagen i raudt.

Lakseoppdrettarane i Atlantic Sapphire steig mest av dei børsnoterte selskapa frå regionen. Eit anna lakseoppdrettsselskap, Salmon Evolution, steig også onsdag.

Det gjorde derimot ikkje Sparebanken Møre som innleia onsdagen med å fortelje at delar av eigarskapet blir lagt inn i ei nyoppretta stifting. Ved slutten av dagen var banken eitt av ti selskap frå regionen med fall i kursen.


Golden Energy Offshore var også mellom dei fem selskapa frå regionen med ny oppgang. Reiarlaget som nyleg sikra fleire nye kontraktar steig til 1,50 kroner.

Hydrogenselskapet Hexagon Purus som hadde ny botnrekord tidlegare i veka, fekk nok ei botnnotering i løpet av onsdagen. Sluttkursen på 7,97 kroner aksjen er det lågaste nivået til no for aksjen som har falle kring 30 prosent i år.

Statt Torsk hadde den dårlegaste utviklinga av selskapa frå regionen. Oppdrettsselskapet vart dagens tapar med eit fall på meir enn fem prosent. Torsdag er siste dag på børsen for selskapet som skal bli slått saman med konkurrenten Vesterålen Havbruk.

Børstabell for Nordvestlandet:

Selskap Kurs i kroner %-endring i dag
Atlantic Sapphire kr 1,72 2,50 %
Golden Energy Offshore Services kr 1,50 0,94 %
Eqva (tidl. Havyard Group) kr 3,25 0,31 %
Salmon Evolution kr 7,12 0,28 %
Havila Kystruten kr 0,73 0,27 %
Havila Shipping kr 5,47 -0,18 %
Sparebanken Møre kr 85,16 -0,72 %
Hofseth Biocare kr 2,52 -1,18 %
Norva 24 Group* 27,55 kr -1,78 %
Arctic Bioscience kr 10,25 -1,91 %
Hexagon Composites kr 23,56 -1,92 %
Hav Group kr 10,95 -2,23 %
Endúr kr 39,30 -2,24 %
Hexagon Purus kr 7,97 -3,39 %
Statt Torsk kr 0,55 -5,17 %
* Kurs i SEK

Publisert: 31.01.2024 16:20

Sist oppdatert: 31.01.2024 17:07