Atlantic Sapphire Miami Florida foto Atlantic Sapphire 11
MIAMI: Lakseprisen når nye høgder, men kursen til Atlantic Sapphire fekk seg ein dett fredag. Selskapet har på gang storutbygging i Florida (bildet), men måtte få ny trekkfasiltet på inntil 25 millionar dollar for å kome vidare med planane. Foto: Atlantic Sapphire
Nytt

Børsdagen: Historisk høg laksepris

Neste veke kan lakseprisen for første gong bikke 100 kroner. Lokale lakseselskap fall likevel på børsen.

01.04.2022

- Eg har ikkje vore med på noko liknande i heilt mitt liv.

Det seier ein lakseeksportør til iLaks, og snakkar om lakseprisar frå 96 til 100 kroner neste veke, og mest for laks 5+.

Eksportøren viser til at det er for lite fisk og marknaden strammar seg til inn mot påske.

Frå hald til kjøp
Prisauken er dermed på over 16 kroner på ei veke.

Trass i at sjømataksjane har stige kraftig siste vekene, meiner sjømatanalytiker Carl-Emil Kjølås Johannessen i Pareto Securities at det er fleire aksjar som har noko å gå på.

I ein fersk rapport vert både Lerøy Seafood, Mowi og Icelandic Salmon oppgraderte frå hald til kjøp, og kursmåla sette til høvesvis 95, 270 og 180.

Stor auke i Nederland
Samstundes viser ferske tal at den samla eksporten av laks har falle, medan nederlendarane trappar opp innkjøpet.

Nederland har kjøpt 19.116 tonn laks så langt i år, skriv iLaks.no. Berre Polen og Frankrike har kjøpt meir.

Noka av forklaringa, ifølgje iLaks, er at nederlendarane ikkje et all fisken sjølv.

Nederland har ein omfattande foredlingsindustri der ein stor del av den innkjøpte laksen blir foredla og vidareeksportert. Ein anna forklaring er at den internasjonale flyplassen Schipol ligg like utanfor Amsterdam og er eit nav for flyfrakt av laks ut av Europa. Store volum av den norske fisken blir sendt til marknader i aust-Asia og USA.

For lakseselskapa i nordvest vart det likevel ein svak dag på børsen. Salmon Evolution fall 0,4 prosent til 9,96 kroner aksjen.

Låner meir pengar
Meir markant fall hadde Atlantic Sapphire, som fall 4,3 prosent til 33,90 kroner aksjen.

Atlantic Sapphire melde torsdag kveld at selskapet har inngått ein tillegsavtale med DNB Capital om ein tre månaders kredittfasilitet til eit samla beløp på opptil 25 millionar dollar. Beløpet skal brukast i neste skritt "mot eit fullt finansiert amerikansk fase 2 byggeprosjekt", heiter det.

Selskapet opplyser at lånepakken sørger for umiddelbart tilgjengelege midlar og sikrar konsernet ekstra likviditet medan detaljane for den samla langsiktige finansieringa blir ferdigstilt.

Atlantic Sapphire har på gang ei storstilt utbygging av selskapet sitt landbaserte anlegg ved Miami i Florida.

Aksjekursen til selskapet har falle med kring 70 prosent det siste året, og det største kursfallet kom etter at det vart brann i selskapet sitt pilotanlegg i Danmark. Fredag kunne selskapet opplyse at dansk politi har konkludert med at det er ikkje noko teikn på at brannen var påsett.

Bank-splitt
Fredag var det spesielt stor spenning til kursutviklinga for Sparebanken Møre etter at selskapet vedtok å dele eigenkapitalbevisa sine i fem, slik at fem nye eigenkapitalbevis tilsvarar eitt gamalt.

Slike delingar er å gjere kvart einskild eigenkapitalbevis billegare, som kan stimulere handelen med verdipapiret, men marknaden tok endringa med fatning, og sende verdien opp 0,5 prosent til 88,64 kroner for eigenkapitalbevisa.

Havila Kystruten såg lenge ut til å få ein fin dag på børsen, men fall i slutthandelen, og enda på 16.05 kroner aksjen, ned 2,2 prosent frå torsdag.

Betre gjekk det med Havyard Group som steig 3,4 prosent til 6,98 kroner aksjen, medan Havila Shipping steig 3,0 prosent til 4,44 kroner.

Lavare oljepris
For dei øvrige selskapa med base på Nordvestlandet var det små endringar på ein dag då Oslo Børs gjekk opp 0,67 prosent til 1.269,84 poeng. Børsen steig saman med europeiske markeder, medan oljeprisene fall litt tilbake etter at USA har gjort det klart at landet vil frigjere store mengder av sine oljereservar.

Litt før klokka 17 vert eitt fat Nordsjø-olje handla til 107 dollar fatet.

Publisert: 01.04.2022 15:07

Sist oppdatert: 01.04.2022 17:02

Mer om