Børsdagen: Like over emisjonskurs
Nytt fall for Havila Kystruten
Havila Kystruten-kursen fell vidare.
Ved børsslutt i dag er kursen i Havila Kystruten 1,16 kroner aksjen, ned 5,31 prosent sidan sluttkurs i går. På det lågaste i dag har aksjen vore handla til 1,15 kroner aksjen.
Fallet i dag betyr at aksjen er nær nivået selskapet henta inn 760 millionar kroner i ny eigenkapital til natt til tysdag 20. juni - 1,10 kroner aksjen.
Den kapitalutvidinga var ein såkalla retta emisjon, der berre ei dei utvald grupper investorar - mellom dei hovudaksjonær Havila Holding, fekk vere med.
Selskapet planlegg ein tilleggsemisjon retta mot dei andre aksjonærane, også kalla reparasjonsemisjon, på inntil 60 millionar nye aksjar, til same kurs som i den retta emisjonen. Blir den fullteikna betyr at at selskapet får inn ytterlegare 60 millionar i kassa.
Men fell kursen under 1,10 kroner aksjen er det ikkje noko poeng for aksjonærane å vere med på ein slik emisjon. Då er det billegare å kjøpe aksjane på børs.
Artikkelen er oppdatert, mellom anna med aksjekursen til børsnoterte selskap på Nordvestlandet.
Børsdagen | ||
Selskap | Kurs i kroner | %-endring i dag |
Nortel | 31,80 | 6,71 % |
Havila Shipping | 12,12 | 4,48 % |
Golden Energy Offshore Services | 1,12 | 1,63 % |
Endúr | 41,70 | 1,21 % |
Norva 24* | 26,70 | 0,75 % |
Eqva (tidlegare Havyard Group) | 3,00 | 0,00 % |
Hofseth Biocare | 2,79 | 0,00 % |
Sparebanken Møre | 74,70 | -0,40 % |
Hexagon Composites | 26,32 | -0,75 % |
Atlantic Sapphire | 7,98 | -0,87 % |
Hexagon Purus | 21,00 | -1,41 % |
Hav Group | 9,48 | -2,47 % |
Salmon Evolution | 6,16 | -3,45 % |
Arctic Bioscience | 9,32 | -4,70 % |
Statt Torsk | 0,56 | -4,76 % |
Havila Kystruten | 1,16 | -5,31 % |
*Svenske kroner |
Publisert: 21.06.2023 15:42
Sist oppdatert: 21.06.2023 17:07