Børsdagen: Lite løft for Endúr
Botnnotering for Havila Kystruten.
Sjå børstabell for Nordvestlandet under
Hovudindeksen på Oslo børs fekk ein opptur etter juleferien onsdag. Børsen låg lenge an til ein oppgang på kring ein prosent, men enda med ein oppgang på 0,9 prosent.
Det gjorde at hovudindeksen igjen kraup over 1300 poeng - til 1307,10 - etter å ha dippa under før juleferien.
Einaste nyheit for dei børsnoterte selskapa frå Nordvestlandet, var Endúr som melde om ein avtale om å levere to fôrflåtar i 2024.
Det er dotterselskapet Endúr Sjøsterk som har sikra seg oppdraget frå oppdrettselskapet Cermaq.
Les også
Endúr-aksjen fekk ein liten opptur etter meldinga og steig til over 38 kroner. I løpet av dagen sank den litt tilbake. Ved stengetid blei aksjen handla til 37,40 kroner – ein oppgang på 1,08 prosent.
Arctic Bioscience og Hexagon Purus hadde størst kursoppgang av selskapa frå Nordvestlandet onsdag.
Havila Kystruten var mellom onsdagens taparar og enda på 0,74 kroner aksjen. Det er ny botnnotering.
Saka er oppdatert etter stengetid med børstabell for Nordvestlandet
Børstabell for Nordvestlandet:
Selskap | Kurs i kroner | %-Endring i dag |
Arctic Bioscience | 10,00 | 9,89 % |
Hexagon Purus | 11,58 | 8,02 % |
Havila Shipping | 5,58 | 3,91 % |
Hexagon Composites | 27,62 | 3,37 % |
Salmon Evolution | 6,87 | 3,31 % |
Statt Torsk | 0,79 | 3,12 % |
Endúr | 37,40 | 1,08 % |
Sparebanken Møre | 81,69 | 0,85 % |
Norva 24 Group* | 24,10 | 0,63 % |
Golden Energy Offshore Services | 1,40 | 0,00 % |
Atlantic Sapphire | 1,73 | -1,15 % |
Hav Group | 9,56 | -2,65 % |
Eqva (tidl. Havyard Group) | 3,15 | -2,78 % |
Hofseth Biocare | 2,61 | -3,33 % |
Havila Kystruten | 0,74 | -3,91 % |
Publisert: 27.12.2023 15:00
Sist oppdatert: 27.12.2023 17:15